Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. RåvarerChevronRight
  4. EggChevronRight
  5. Eggprodukt til industrienChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Eggprodukt til industrien

Ikkje alle egg eignar seg for sal i butikk eller til konsum. Når egga kjem inn til eggpakkeriet sorterer bonden ut klink-egg (brest i skalet), deformerte egg (ruglete skal o.l.) og ureine egg (skitent skall). Desse egga går berre til industri.

Omelettmiks frå ei kanne blir helt i panna. Foto.

Eggprodukt til storhushaldning og industri

10 prosent av alle egga går til industri. I tillegg kjem direktesal av industriegg frå eggpakkeri til til dømes bakeri.

Her i landet har vi to eggproduktfabrikkar. Desse tek imot overskotsegg og egg som ikkje kvalifiserer for A-egg, og tilarbeider egga til eggprodukt for storhushaldningar og næringsmiddelbedrifter. For å sikre produktkvaliteten og at eggprodukta held seg lengst mogeleg, er alle produkta pasteuriserte (varmebehandla). Produkta er derfor garanterte ein svært god bakteriologisk kvalitet, sjølv om det skulle ha vore ein knekk i skalet eller liknande.

Heileggmasse er eit reint eggprodukt og finst i både fersk og djupfryst tilstand. Begge produkta blir brukte til det same, og den djupfryste heileggmassen lar seg piske til like høgt volum som den ferske massen. Heileggmasse er ypparleg for industribakarar i kakeproduksjon.

Eggekvitemasse kan ein kjøpe både som fersk og djupfryst. Eggekvitemasse eignar seg godt til å stivpiske for å bruke det i kakeproduksjon.

Heileggpulver er spraytørka heileggmasse. Tilsett vatn har heileggpulveret dei same brukseigenskapane som heileggmasse. Heileggpulver er ofte brukt i tørre kakemiksar.

Eggekvitepulver er spraytørka eggekvite. Eggekvitepulveret har både skumdannande og bindande eigenskapar, og er derfor godt eigna til baking.

Plommepulver er spraytørka eggeplomme. Plommepulveret har dei same eigenskapane som fersk eggeplomme, og kan brukast i alle typar matvarer der eggeplomme inngår.

Det finst òg salta heileggmasse (til gratengar), omelettmiks og konservert eggeplomme (majones, dressingar). I tillegg blir det produsert ferdige vaflar, pannekaker og paiar m.m.

Ein viktig del av arbeidsprosessen når ein bruker tørka eggprodukt er å la blandinga få tid til å svelle. Svelletida varierer noko, men om lag 10 minutt er passeleg. I mange tilfelle kan ein kombinere bruk av eggprodukt med ferske egg for å oppnå nøyaktig den kvaliteten og tyngden som ein ønskjer på kakeproduktet sitt.

Læringsressursar

Egg

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter