Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. RåvarerChevronRight
  4. Mjølk og meieriproduktChevronRight
  5. Mineral i mjølkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Mineral i mjølk

Mjølk og meieriprodukt inneheld ti vitamin og mineral som kroppen treng kvar dag. Veit du at mjølk og meieriprodukt er den viktigaste kjelda til jod i Noreg?

Eit glas mjølk og ei brødskive med ost. Foto.

Fosfor

Mjølk er ei av hovudkjeldene til fosfor. Fosfor er saman med
 kalsium viktig for å byggje opp tann- og beinstrukturen. Fosfor er også viktig som byggjesteinar for alle gena våre.

Jod

Jod er nødvendig for at hormonet tyroksin skal kunne danne seg i skjoldbruskkjertelen. Dette hormonet er viktig for stoffskiftet og kroppen si forbrenning. Mangel på jod kan gi struma. Inntaket av ein halv liter mjølk kvar dag dekkjer om lag halvparten av behovet hos ein vaksen person.

Sink

Sink er nødvendig for produksjonen av fleire viktige hormon. Det er òg viktig for heiling av sår og reproduksjon. Inntaket av ein halv liter mjølk kvar dag dekkjer om lag ein tredel av behovet hos ein vaksen person.

Selen

Selen er ein svært viktig antioksidant og inngår i fleire enzym med antioksidantfunksjon. Antioksidantar er viktig for å sikre eit godt immunforsvar. Inntaket av ein halv liter mjølk kvar dag dekkjer om lag 15 prosent av behovet hos ein vaksen person.

Kalium og magnesium

Mjølk inneheld også ein god del kalium og magnesium. Dei er viktige elektrolyttar som mellom anna spelar ei avgjerande rolle for overføringa av nerve- og muskelimpulsar. Desse to elektrolyttane verkar òg positivt inn på blodtrykket. Fordi mjølk og meieriprodukt inneheld både kalium, magnesium og kalsium er dei godt eigna for restitusjon etter trening.

Læringsressursar

Mjølk og meieriprodukt

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter