1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. RåvarerChevronRight
  4. Mjølk og meieriproduktChevronRight
  5. Lite feitt i mjølk!ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Lite feitt i mjølk!

Det er rett at mange meieriprodukt inneheld feitt, og at denne typen produkt er ei stor kjelde til feitt i det norske kosthaldet. Gjennomsnittleg kjem likevel berre 5 prosent av feittet i kosten vår frå mjølk. Likevel er det lurt å velje dei magraste variantane til kvardags!

Fem kartongar med mjølk. Foto

Det finst meieriprodukt med alt frå mykje til svært lite feitt. Utvalet av mjølkeprodukt med lite feitt er no så stort at det ikkje er noko problem å setje saman eit sunt kosthald der mjølk og mjølkeprodukt inngår som ein naturleg og viktig del. Det er heilskapen i kosthaldet som er viktig!

Vel magert til kvardags

Det utslagsgivande er alltid kor ofte og kor mykje du et av kvar einskild matvare. Dersom du drikk eit glas mjølk av og til, er ikkje heilmjølk noko stor kjelde til feitt i kosthaldet ditt. Drikk du derimot ½ liter mjølk kvar dag, bør du velje lett, ekstra lett eller skumma mjølk dersom du ønskjer å redusere feittinntaket.

Det same gjeld for ost og andre meieriprodukt. Det finst ei lang rekkje ulike ostar på marknaden, både norske og importerte ostar, og dei fleste inneheld mellom 27 og 45 prosent feitt. Desse ostane bør ein ete mindre av i det daglege kosthaldet. Til dagleg kan det vere betre å halde seg til dei lettare variantane og til smørjeostar, særleg dersom du har eit stort forbruk av ost. Til kvardags går det òg an å byte ut fløyte med mjølk i matlaginga, og rømme med yoghurt naturell.

Kroppen går best på umetta feitt

Kroppen treng feitt til ei rekkje livsviktige funksjonar, men inntaket blant den norske befolkninga er gjennomsnittleg høgare enn nødvendig. Mange kan ha helsemessige fordelar av å spare inn på mengda feitt. Det er likevel skilnader på typen feitt. Vi skil mellom metta og umetta feitt. Metta feitt, som vi hovudsakleg finn i mjølke- og kjøtprodukt (animalske produkt), er det feittet vi bør ha lågast inntak av. Metta feitt er knytt til forhøgt kolesterol og hjarte- og karsjukdom. Umetta feitt finst i oljer, nøtter, kornvarer og margarin (vegetabilske produkt) og blir rekna som eit sunnare feitt. Industrielt transfeitt er umetta feitt som er endra under tilarbeiding, og dermed blir meir skadeleg for kroppen enn metta feitt. Dette finn du i kaker, kjeks og frityrsteikt mat som toler lang lagring. Transfeitt som finst naturleg, til dømes i kjøt og meieriprodukt, ser ikkje ut til å vere like skadeleg som industrielt transfeitt.

Vel gjerne magre meieri- og kjøtprodukt

For dei som ikkje har behov for å redusere feittinnhaldet i kosten, blir det likevel tilrådd å auke mengda umetta feitt i kosten i staden for transfeitt og metta feitt. Det er like mange, eller meir, av dei viktige vitamina og minerala i dei magre variantane. Til dømes er det like mykje kalsium i skumma mjølk som i heilmjølk.

Meir enn ti viktige næringsstoff kroppen treng kvar dag

Meieriprodukt bidreg med mykje meir enn berre feitt i norsk kosthald. Dei inneheld ei rekkje andre viktige næringsstoff som kroppen treng kvar einaste dag.

Mjølk og meieriprodukt bidreg mellom anna med over 70 prosent av kalsiuminntaket vårt. Kalsium er byggjesteinane i eit sterkt skjelett. Det er viktig for barn som veks, men like viktig for vaksne som skal halde skjelettet ved like resten av livet. Elles bidreg meieriprodukta med ein vesentleg del av inntaket vårt av B-vitamin, som er viktige når kroppen skal omsetje karbohydrat, protein og feitt til energi. Mjølk og meieriprodukt er òg ei viktig kjelde til ei rekkje mineral som kroppen har bruk for, mellom anna for å bevare eit sterkt immunforsvar.

Læringsressursar

Mjølk og meieriprodukt

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter