Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. RåvarerChevronRight
  4. Mjølk og meieriproduktChevronRight
  5. Mjølk inneheld viktige proteinChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Mjølk inneheld viktige protein

Mjølk er ei god kjelde til ei rekkje næringsstoff. Eitt av dei er protein. Kvaliteten på proteina i mjølk er veldig god. Ein vaksen person treng i gjennomsnitt 50–60 gram protein per dag for å halde ved like musklar og vev.

Ung mann handlar ein liter mjølk. Foto.

Har ein store fysiske belastingar i form av tungt kroppsarbeid eller mykje fysisk aktivitet eller trening, kan ein ha bruk for noko meir protein.

Finn proteinbehovet ditt

Ein grei tommelfingerregel er å multiplisere kroppsvekta si med 0,8–0,9 gram protein per dag for å finne sitt eige daglege proteinbehov. Ifølgje dei offisielle ernæringsanbefalingane bør 10–15 prosent av energien frå maten vi et komme frå protein.

Mange ulike proteintypar

Det finst eit utal typar protein. Mjølk inneheld fleire typar, mellom anna kasein, myse, laktoferrin og laktoglobulin. Alle protein er bygde opp av 20 ulike aminosyrer, som vi kan sjå på som byggjeklossar. Kroppen vår kan sjølv lage 11 av desse, medan 9 er essensielle. Det vil seie at vi må få dei frå kosten. Dei fleste proteina er sett saman av både essensielle og ikkje-essensielle aminosyrer. Dei proteina som inneheld mykje av dei essensielle aminosyrene, blir ofte omtalte som høg-kvalitetsprotein, medan protein som har lite av dei essensielle aminosyrene, er av lågare kvalitet.

Mjølkeprotein er av høg kvalitet

Mjølk, kjøt, fisk og egg inneheld mykje protein med høg kvalitet, medan mat frå planteriket (vegetabilske matvarer) inneheld protein med lågare kvalitet. For å få alle dei essensielle aminosyrene frå vegetabilske matvarer, må ein blande fleire vegetabilske proteinkjelder i same måltid.

For å vurdere kvaliteten på proteina tek ein utgangspunkt i kor stor del av proteinet som kroppen kan utnytte til å byggje eller halde musklar ved like. Egg har svært god kvalitetet, heile 94 % kan utnyttast til musklar. Mjølk kjem på ein god andreplass, med 85 %, medan rundt 75 % av proteinet i kjøt og fisk kan utnyttast til musklar.

Læringsressursar

Mjølk og meieriprodukt