Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. RåvarerChevronRight
  4. Mjølk og meieriproduktChevronRight
  5. Næringsstoff i lettare meieriproduktChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Næringsstoff i lettare meieriprodukt

Vel gjerne dei magraste meieriprodukta til kvardags. Dei inneheld like mykje næringsstoff som orginalane, det er berre feittinnhaldet som er redusert.

To jenter som drikk mjølk. Foto

Det finst mange meieriprodukt å velje mellom. Somme inneheld mykje feitt, medan andre inneheld mindre. Somme finst i fleire variantar, der feittinnhaldet varierer. Eit døme på dette er mjølk.

  • Heilmjølk inneheld 3,9 % feitt.
  • Lettmjølk inneheld 1 eller 1,5 % feitt, avhengig av produsent.
  • Ekstra lett mjølk inneheld 0,5 eller 0,7 % feitt, avhengig av produsent.
  • Skumma mjølk inneheld 0,1 % feitt.

Minst like mykje vitamin og mineral

Ernæringsmyndigheitene tilrår at vi vel mjølkevariantane med lite feitt til kvardags. Sjølv om feittinnhaldet er lågare, og kaloriinnhaldet dermed òg blir lågare, blir ikkje innhaldet av dei andre vitamina og minerala redusert tilsvarande. Alle mjølketypane inneheld til dømes like mykje kalsium per liter.

Oppkonsentrering av næringsstoff

Når noko, til dømes feitt, blir fjerna frå ei matvare, hender det av og til at resten av næringsinnhaldet blir oppkonsentrert. Derfor er det til dømes meir kalsium i ei skive lettare ost enn det er i ei skive av den vanlege osten. På same måte er det om lag dobbelt så mykje protein i den magre kesamvarianten som i den orginale. Du har derfor ingenting å tape på å velje dei magre variantane til kvardags, – snarare tvert imot!

Læringsressursar

Mjølk og meieriprodukt