1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. RåvarerChevronRight
  4. Mjølk og meieriproduktChevronRight
  5. Smaksett mjølk gir òg næringsstoffChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Smaksett mjølk gir òg næringsstoff

Det er ingen tvil om at kvit mjølk er det sunnaste alternativet for alle. For barn og ungdommar som ikkje likar kvit mjølk og som ville valt anna sukkerhaldig drikke i staden for, er likevel smaksett mjølk eit godt alternativ.

Smaksett mjølk. Foto.

Smaksett mjølk inneheld alle dei ti næringsstoffa som vanleg mjølk inneheld. Det vanlegaste motargumentet er at smaksett mjølk er tilsett sukker. Det finst likevel mange variantar av smaksett mjølk, og det er fullt mogeleg å velje ein variant med lite tilsett sukker.

Skulemjølk med kakaosmak

Skulemjølkordninga tilbyr ein variant med kakaosmak i tillegg til ekstra lett mjølk og lettmjølk. Kakaovarianten inneheld under 1 prosent tilsett sukker. Han er òg laktoseredusert, det vil seie at barn som lir av laktoseintoleranse kan bruke denne typen mjølk.

Heller ferdigkjøpt enn heimelaga kakaomjølk!

Likar barnet berre sjokolademjølk, er det mykje betre å la barnet få kakaomjølka i skulemjølkordninga framfor å sende med mjølk blanda med sjokoladepulver. Sjokoladepulver inneheld mykje sukker, og denne typen sjokolademjølk gir derfor mykje meir sukker enn kakaomjølka i skulemjølkordninga. Dei mange variantane smaksett mjølk som ein får kjøpt i butikken, har svært ulikt sukkerinnhald. Det finst ein variant heilt utan tilsett sukker. I den andre enden av skalaen finn vi dei variantane som inneheld mest sukker, men desse inneheld likevel mindre sukker enn vanleg brus!

Kva er alternativet?

Barn som vel bort mjølk, drikk gjerne saft, juice eller brus i staden. Saft og brus inneheld mykje sukker og ingen næringsstoff, bortsett frå noko vitamin C i ein del safttypar. Juice inneheld vitamin C, men lite av andre næringsstoff. Juice har òg ein låg pH, som ikkje er så heldig for tannemaljen. Derfor er det betre å få næringsstoffa i frukten gjennom å ete ein frukt heller enn å drikke store mengder juice. Vatn er ein fin tørstedrikk og bør vere førstevalet mellom måltida. Det tilfører likevel ingen av dei næringsstoffa kroppen treng kvar dag. Drikk ein berre vatn, må ein derfor vite meir om korleis ein set saman eit kosthald for å dekkje kroppen sitt behov for dei ulike vitamina og minerala.

Må alt smake søtt?

Det er ein fordel om barn og unge lærer seg å like eit breidt spekter av smakar. Dette er ein jobb som startar allereie når spedbarn får dei første skeiene sine med fast føde. Dei første åra har dermed foreldra ei viktig rolle i å utfordre barnet på ulike smakar. I diskusjonen om smaksett mjølk kontra vanleg mjølk, er det viktigaste å vurdere kva alternativet er. Det aller beste er å velje vanleg kvit mjølk. Men dersom det er anna søtt drikke som saft eller brus som er alternativet, er det betre å velje smaksett mjølk. Ho inneheld mindre sukker, men langt fleire næringsstoff.

Læringsressursar

Mjølk og meieriprodukt

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter