Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. RåvarerChevronRight
  4. Mjølk og meieriproduktChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Mjølk og meieriprodukt

Mjølk og mjølkeprodukt er ein viktig del av kosthaldet for dei fleste nordmenn. Mange av dei gamle norske matrettane har mjølk som ein viktig ingrediens.

Matvaregruppe: mjølk og mjølkeprodukt. Foto.

Det finst mange meieriprodukt å velje mellom, og til kvardags bør du velje dei magre variantane. Magre produkt inneheld like mykje næringsstoff som dei originale variantane, det er berre feittinnhaldet som er redusert.

Til mjølk og mjølkeprodukt reknar vi

  • alle typar mjølk
  • smør
  • ost
  • rømme og fløyte
  • kesam og cottage cheese
  • yoghurt

Meir informasjon om desse produkta finn du på melk.no.

Mjølk og mjølkeprodukt inneheld

  • feitt
    • 3,9 % i heilmjølk, 1–1,5 % i lettmjølk, 0,5–0,7 % i ekstra lett mjølk og 0,1 % i skumma mjølk
    • feittet du får frå mjølk via mjølkeprodukt, er metta
  • protein
  • vitamin (vitamin B og vitamin D som er tilsett i nokre typar mjølk)
  • mineral (kalsium)

Mjølk og mjølkeprodukt

  • kan vere produserte i Noreg eller vere importerte
  • kan vere økologiske eller ikkje
  • kan ha ulikt feittinnhald
  • kan vere laktosereduserte
  • kan ha ulike smakstilsetjingar
  • kan drikkast eller etast som dei er, eller dei kan nyttast i ulike rettar

Utfordringar til deg

  1. Les om mjølk på Helsedirektoratet sine sider. Ta notat.
  2. Gjer deg kjent på Opplysningskontoret sine sider. Lag deg ei oversikt over kva som finst på desse sidene, og diskuter med ein medelev korleis du kan bruke desse sidene på skulen og i bedriftene.
  3. Kvifor bør mjølk og mjølkeprodukt vere ein del av den daglege kosten vår?
  4. Bruk Matvaretabellen og slå opp næringsinnhaldet i ulike mjølkesortar og mjølkeprodukt. Kva finn du ut?
  5. Mange meiner at brun ost er eit spesielt bra pålegg, og at han inneheld mykje jern. Bruk lenkja til matvaretabellen for å finne ut om dette stemmer.
  6. Finn ut om all yoghurt inneheld like mykje karbohydrat. Kva fortel dette deg?

Læringsressursar

Mjølk og meieriprodukt

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter