Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. RåvarerChevronRight
  4. OstChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Ost

Noreg er eit osteetande land med lange tradisjonar for å produsere ost. Hos oss blir ost hovudsakleg framstilt av geite- og kumjølk, og ein kan lage eit utal variantar av den same mjølka.

Ulike ostetypar på eit fat. Foto.

Sluttresultatet kjem an på produksjonsmetoden, saltmengda, lagringa, kva for ein muggsopp som blir tilsett og andre tilhøve. Sjølv om utgangspunktet er det same, har vi altså ei heil rekkje ulike typar og kvalitetar av ost. Noreg har sine eigne ostespesialitetar vi kan vere krye av, til dømes pultost, gammalost og brunost.

I dette emnet får du kunnskap om ulike ostetypar og framstilling, oppbevaring av ost, næringsinnhald og tips til korleis du legg opp osten på fat.

Læringsressursar

Ost