Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Yrke i bransjenChevronRight
  4. Dei ulike bransjane i Restaurant- og matfagChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Dei ulike bransjane i Restaurant- og matfag

I denne individuelle oppgåva skal du gjere deg kjend med kva for fag- og sveinebrev det er mogeleg å ta innanfor RM-faget.

Yrkesportretter for restaurant- og matfag. Fotokolasj

Du skal skrive kort om kvart einskild fag-/sveinebrevområde. Oppgåva skal leverast skriftleg etter gitte kriterium innan en datoen som er sett og blir vurdert med karakter i faget: Bransje, fag og miljø.

Oppgåve

  1. Skisser ei oversikt over alle fag-/sveinebrevområda.
  2. Ta for deg kvart einskild fagområde og finn ut kva dei produserer av tenester og produkt.
  3. Nemn noko av utstyret som er spesielt for dei ulike områda.
  4. Er det mogeleg å vidareutdanne seg i dei ulike fagområda? Nemn kva veg du kan gå.
  5. Er det enkelt å få lærlingkontrakt i dei ulike fagområda i vårt distrikt? (Nemn i kva for fagområde det er enkelt/vanskeleg å få jobb).

Oppgåvekriterium

Lag eit hefte eller ei mappe med

  • framside og namn
  • innhaldsliste
  • innleiing
  • svar på oppgåvene
  • avslutning
  • kjeldetilvisingar

Vurdering

Lågaste grad av måloppnåing 2: Gjengi, peike på viktige skildnader mellom faga

Middels grad av måloppnåing 3-4: Forklare, samanlikne

Høg grad av måloppnåing 5-6: Vurdere, grunngje, diskutere fordelar og ulemper

Læringsressursar

Yrke i bransjen

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter