Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Yrke i bransjenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sjømathandlar

Det sym til ei kvar tid 240 etande artar ikring utanfor kysten vår. Noreg eksporterer sjømat til 160 land over heile verda. Ein sjømathandlar må kunne presentere og selje produkta på ein måte som sikrar god kvalitet og trygg mat, god utnytting av råvarene, og god økonomi og tillit hos kundane.

Ein fiskehandlar snakkar med kundar over ein fiskedisk. Foto.

Dette krev fagarbeidarar med gode og allsidige kunnskapar.

Kva gjer ein sjømathandlar?

Handel med fisk har lange tradisjonar, og vi er ein av verdas største sjømateksportørar. Som sjømathandlar er du sjømatnæringa sitt ansikt utetter. Du arbeider med reine råvarer som krev rett behandling og produksjon av ferdige produkt for sal. Du må vere like glad i menneske som du er i sjømat, og ha gode kunnskapar om kvalitet, handverksmessig dugleik og delikat og kreativ presentasjon av sjømatprodukta.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • mottak og kontroll av råvarer
  • skjere til og finstykkje sjømat
  • lage til produkt for sal
  • bestille varer
  • kundebehandling og sal
  • bruk og vedlikehald av maskiner og utstyr

Kvar kan eg jobbe?

Som sjømathandlar kan du jobbe i sjømatforretningar, i daglegvareforretningar og delikatesseforretningar. Du kan òg jobbe innanfor engros og eksport, som begge er næringar i stadig vekst.

Ein dugande sjømathandlar:

  • likar å jobbe med menneske
  • er god på kommunikasjon
  • er innstilt på å yte service
  • har god kunnskap om råstoffene og korleis ein kan tilarbeide dei
  • arbeider hygenisk og nøyaktig
  • har sans for økonomi og marknadsføring

Meir informasjon på:

Vil bli sjømathandler

Læringsressursar

Yrke i bransjen

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter