Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. PølsemakarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Pølsemakar

Pølsemakarfaget har utvikla seg frå å vere eit utprega handverksfag til òg å omfatte bruk av avansert teknologi for å sikre både smak og kvalitet. Det viktigaste er likevel alltid å ha gode handverkskunnskapar og fagleg innsikt.

Pølsemakar Erland Struperud. Foto.



Fakta

Yrkesnemning: Pølsemakar med sveinebrev

Utdanning
Vg1 Restaurant- og matfag
Vg2 Kjøttfag og næringsmiddelindustri
Vg3 Pølsemakarfaget (Opplæring i bedrift – 2 år)

Eventuell vidareutdanning:
Meisterutdanning, fagskule, generell studiekompetanse, høgskule, universitet


 Pølsemakar med ulike typar spekemat. Foto.
Ein pølsemakar må kunne lage spekemat i ulike variantar.

Kva gjer ein pølsemakar?

Pølsemakaren må ha gode kunnskapar om eigenskapane til råstoffa og dei ulike tilarbeidingsprosessane. Ny teknologi og god handverksmessig tradisjon er like viktig når ein skal utøve dette faget. I industribedriftene ser vi ofte eigne, spesialiserte produksjonslinjer der det berre er nokre få produkt. Dette gjer det mogeleg med ei rekkje fordjupingsmodular utover kjerneområdet pølse- og påleggsproduksjon. Opnare grenser stiller krav om produktutvikling og nyskaping. Men like viktig er det å vareta tradisjonelle norske kjøtprodukt.

 Kjøtpølser som heng på eit stativ. Foto.
Røykte kjøtpølser

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • produksjon av alle typar pølser, kjøtpålegg, posteiar, spekemat og andre produkt med kjøt som råstoff
  • skjere til og finstykkje kjøtråvarer
  • bruk og vedlikehald av handverktøy, maskiner og utstyr
  • i ei ferskvareavdeling må ein òg drive med sal av kjøtvarer og gi tips til kundane om korleis maten kan lagast til

Kvar kan eg jobbe?

Store og små industribedrifter produserer i dag størstedelen av dei kjøtvarene som blir leverte til grossistar, kjeder, større daglegvareforretningar og storhushaldningar. Dei fleste jobbane som pølsemakar finst i industrien, men stadig fleire mindre handverksbedrifter produserer òg kjøtvarer for sal. Du kan òg jobbe i ferskvareavdelingar i butikk. Som pølsemakar kan du starte din heilt eigne produksjon av spesielle kjøtprodukt.

 Produksjon av spekepølse. Foto.
Spekepølseproduksjon

Ein dugande pølsemakar

  • har god kunnskap om eigenskapane til råstoffa
  • har god kunnskap om dei ulike tilarbeidingsprosessane
  • jobbar effektivt og hygenisk
  • har eit bevisst forhold til produktivitet og lønnsemd
  • har eit godt handlag

Meir informasjon om yrket finn du på:

Les meir om svennebrev for pølsemakere på vilbli.no.

Les meir om pølsemakerutdanninga på utdanning.no.