Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. SlaktarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Slaktar

Slaktaryrket er eit av dei eldste yrka i verda, og dannar grunnlaget for all vidare kjøtproduksjon. Slaktaren skal utøve yrket sitt i samsvar med lover og reglar og på ein måte som samfunnet aksepterer. Det er derfor svært viktig at den fagutdanna har stor fagleg innsikt og dugleik.

Slakting av gris. Foto.



Fakta

Yrkesnemning:
Slaktar med sveinebrev

Utdanning
Vg1 Restaurant- og matfag
Vg2 Kjøttfag og næringsmiddelindustri
Vg3 Slaktarfag (Opplæring i bedrift – 2 år)


Eventuell vidareutdanning:
Meisterutdanning, fagskule, generell studiekompetanse, høgskule, universitet


Ein slaktar skyl støvelen under vatn. Foto.
Slakteri har strenge hygeniske krav, og er inndelte i reine og ureine soner.

Kva gjer ein slaktar?

Det er slaktaren som er det første leddet i prosessen med å foredle kjøtet til ferdige produkt, og arbeidet til slaktaren sluttar når den ferdige slakteskrotten er hengt opp på kjølerommet. Slaktaren må ha gode kunnskapar om kjøt som råstoff og kva for forhold i slakteprosessen som påverkar kvaliteten. Industrialisering, moderne teknologi og strenge krav til mattryggleik har medført ei dynamisk utvikling av faget.

To slaktarar skjer i kjøt på eit slakteri. Foto.
Som slaktar arbeider ein for det meste ståande, og ein må vere i god fysisk form.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • mottak, driving, oppstalling og avliving av dyr
  • gjennomføre slakteprosessen på ein fagleg korrekt måte
  • klargjere skrottane for vidare tilarbeiding
  • uttak og behandling av biprodukt
  • bruk og vedlikehald av handverktøy, maskiner og utstyr
  • jobbe etter strenge etiske og hygeniske krav

Kvar kan eg jobbe?

Som slaktar kan du jobbe i moderne industribedrifter over heile landet, med eit av verdas eldste yrke, i ein bransje som er prega av moderne teknologi og auka industrialisering.

Svin på veg inn i slakteriet. Foto.
Svin på veg inn i slakteriet.

Ein dugande slaktar:

  • har god kunnskap om korleis dyra er oppbygde og veit kva som er god kjøtkvalitet
  • arbeider på ein effektiv og nøyaktig måte
  • har ei bevisst etisk grunnhaldning
  • har eit godt handlag


Meir informasjon om yrket finn du på:

Les meir om svennebrev for slaktere på vilblino.no.

Les meir om slakterutdanninga på utdanning.no.