Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. KjøtskjerarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Kjøtskjerar

Som kjøtskjerar kan du raskt, sikkert og nøyaktig forvandle eit digert kjøtstykke til ferdige stykningsdelar, biffar, filetar og beinfritt produksjonskjøt. Arbeidet er for det meste manuelt, og kniven er den viktigaste arbeidsreiskapen.

Kjøtskjerar Erland Struperud. Foto.



Fakta:

Yrkesnemning:
Kjøtskjerar med sveinebrev


Utdanning
Vg1 Restaurant- og matfag
Vg2 Kjøttfag og næringsmiddelindustri
Vg3 Kjøtskjerarfaget (Opplæring i bedrift – 2 år)

Eventuell vidareutdanning:
Meisterutdanning, fagskule, generell studiekompetanse, høgskule, universitet


Kokk brukar slipestål. Foto
Godt knivhald er viktig for ein kjøtskjerar.

Kva gjer ein kjøtskjerar?

Ein kjøtskjerar må ha god fysikk, god fagkunnskap og vere handverksmessig dugande. Kjøtskjeraren må ha kunnskapar om dyra sin anatomi, eigenskapane til råstoffa, stykningsskildringar, sorterings- og skjerestandardar, prøveuttak og analysar. Kjøtbransjen har høge kostnader og små marginar; derfor må ein kjøtskjerar kunne utføre arbeidet sitt på ein måte som varetek produktiviteten så vel som økonomien og kvaliteten.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • ta imot og kontrollere skrottar
  • grovdele skrottar, utbeine og skjere til stykningsdelar og filetar
  • vege, merke og emballere ferdig tilskore kjøt
  • bruk og vedlikehald av maskiner og utstyr
Ein kjøtskjerar tek på seg verneutstyr. Foto.
Kjøtskjerar med verneutstyr

Kvar kan eg jobbe?

Norsk kjøtindustri er spesialisert, og det finst mange bedrifter landet rundt som skjer storfe, svin, lam eller fugl. Som kjøtskjerar kan du òg arbeide i mindre handverksbedrifter der ein ofte tek del i fleire delar av kjøtforedlinga. Det er eit stort behov for dugande fagarbeidarar i kjøtskjerarfaget.

 To kjøtskjerarar skjer ut gris. Foto.
Stor aktivitet på skjerelinja

Ein dugande kjøtskjerar:

  • har god kunnskap om dyra si oppbygging, og om sortering og skjeringsstandardar
  • arbeider effektivt, hygenisk og nøyaktig
  • har god fysikk
  • har eit godt handlag

Meir informasjon om yrket finn du på:

Les meir om svennebrev for kjøttskjærere på vilbli.no.

Les meir om kjøttskjærerutdanninga på utdanning.no.