1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Yrke i bransjenChevronRight
  4. ButikkslaktarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Butikkslaktar

Butikkslaktaren har ansvar for kjøtprodukta i ferskvareavdelingar og kjøtforretningar. Kunnskap om kundebehandling og sal er derfor like viktig som kunnskap om kjøtprodukta.

Butikkslaktar. Foto.

Kva gjer ein butikkslaktar?

Butikkslaktaren arbeider i det viktige sisteleddet, der forbrukaren overtek kjøtvarene. Butikkslaktaren skal gje råd til kunden. Butikkslaktarfaget kan òg omfatte ferdigmat, fisk, ost, grønt og bakarvarer, med fokus på sal og kundebehandling. Økonomi og marknadsføring er òg viktige element i faget.

Butikkslaktaren er kjøtbransjen sitt ansikt mot kunden, og han/ho må derfor ha inngåande kunnskap om heile verdikjeda frå bås til bord. Spørsmål knytt til etisk kjøtproduksjon, religion, helse, ernæring og tilsetjingsstoff i matvarer må kunne handsamast på ein fagleg god måte.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • produsere varme og kalde rettar for sal
  • produsere ulike typar kaldtbord og anretningar til cateringverksemd
  • grovdele og finstykkje ulike typar kjøt
  • pakke og setje fram varene i disk
  • ta imot og bestille varer
  • kundebehandling og sal
  • bruk og vedlikehald av maskiner og utstyr

Kvar kan eg jobbe?

Det er gode høve til å jobbe som faglært, både i dagligvareforretningar og i spesialforretningar, og innanfor catering og produksjon av ferdigmat. I daglegvarebutikkane omfattar vareutvalet i tillegg til kjøt og kjøtprodukt både sjømat, frukt og grønt, bakarprodukt, ost og mjølkeprodukt.

Ein dyktig butikkslaktar:

  • likar å jobbe med menneske
  • er god på kommunikasjon
  • er innstilt på å yte service
  • har god kunnskap om råstoffa og korleis ein kan tilarbeide dei
  • arbeider hygenisk og nøyaktig
  • har sans for økonomi og marknadsføring


Meir informasjon om yrket finn du på:

Vil bli butikkslaktar

Butikkslaktar på utdanning.no

Læringsressursar

Yrke i bransjen

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter