Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Yrke i bransjenChevronRight
  4. ServitørChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Servitør

Servitørfaget er eit internasjonalt fag. Faget er utviklar seg stadig, ved at det blir etablert nye serveringsstader med fleirkulturelle trekk og trendar. Ein god servitør er restauranten sitt ansikt utetter, og det er viktig at du er omgjengeleg, flink til å kommunisere og initiativrik.

Ein kvinneleg servitør held ein meny framfor eit bord. Foto.

Kva gjer ein servitør?

Ein servitør må kunne om lag like mykje om mat, drikke og produksjon som kokken. Jobben din er mellom anna å formidle informasjon om mat og drikke til gjestene, for å sikre at dei får ei god oppleving. Du skal òg vere i stand til å arrangere og gjennomføre ulike typar arrangement i lokale der ein arrangerer selskap, bankettar, kurs og konferansar.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • kommunisere med gjestene og yte god service slik at gjestene får innfridd forventningane sine
  • presentere, anbefale og servere mat og drikke på ein fagleg korrekt måte
  • lage til varme og kalde drikker, både alkoholfrie og alkoholhaldige
  • rydde og dekke opp i serveringslokale til ulike anledningar

Kvar kan eg jobbe?

Ein servitør kan jobbe på serveringsstader som restaurantar, hotell, pubar, barar, cruisebåtar og nattklubbar, kaféar og i selskapslokale. Du kan jobbe både i Noreg og i utlandet.

Yrket er prega av internasjonalisering, og du må kunne møte menneske med andre språk og kulturomgrep på ein måte som varetek kundane sine ønskje om gode opplevingar.

Ein dugande servitør:

  • er blid og vennleg
  • likar å arbeide med og for menneske
  • viser omsorg
  • viser interesse og er glad i jobben sin
  • har som mål å gi gjesten ei god oppleving
  • har gode fagkunnskapar
  • kan kommunisere godt med kollegaer
  • kan kunsten å selje – veit kva som er lønnsamt, kva som gir forteneste
  • er hygienisk og har god produksjonshygiene

Meir informasjon finn du på:

Vil bli servitør

Servitør på utdanning.no

Læringsressursar

Yrke i bransjen

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter