Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Yrke i bransjenChevronRight
  4. Ei innføring i ulike bransjar og yrke ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ei innføring i ulike bransjar og yrke

Innanfor restaurant- og matfaga kan du utdanne deg til mange spennande og kreative yrke. Bransjen veks i stor skala, både nasjonalt og internasjonalt, og det er eit stort behov for arbeidskraft.

Yrkesportrett for restaurant- og matfag. Fotokolasj

Kanskje er du ein av dei som allereie har bestemt deg for kva du vil bli, og derfor vil jobbe målretta med det faglege innhaldet som er mest relevant for nettopp det yrket. Kanskje er du ein av dei mange som ikkje heilt veit kva for eit yrke du kan tenkje deg.

Utdanningsprogrammet fører fram til 12 yrke innanfor blant anna hotell- og restaurantnæringa og næringsmiddelindustrien, men òg til arbeid i bedrifter som produserer kjøt-, fiske-, drikke-, bake- og matvarer. Etter vg2 kan du begynne som lærling på ein arbeidsplass, og når lærlingetida er fullført, kan du ta fagbrev eller sveinebrev. Her får du ei kort innføring i dei ulike yrka:

Servitør

Servitørfaget er eit internasjonalt fag, som stadig utviklar seg gjennom etablering av nye serveringsstader med fleirkulturelle trekk og trendar.

Kokk

Kokkfaget er eit internasjonalt fag i stadig endring, som krev forståing og entusiasme for nye råvarer og impulsar.

Institusjonskokken

Institusjonskokkfaget byggjer på kulturen og tradisjonane frå hushaldningsskulane.

Bakar

Bakarfaget er eit av dei eldste handverka i verda, og det utviklar seg stadig.

Konditor

Ein god konditor får utlaup for dei kunstneriske evnene sine ved å forme og skape fantastiske godsaker, med fullt fokus på nydelege smakar og makelaus estetikk.

Butikkslaktar

Butikkslaktaren har ansvar for kjøtprodukta i ferskvareavdelingar og kjøtforretningar. Kunnskap om kundebehandling og sal er derfor like viktig som kunnskap om kjøtprodukta.

Kjøtskjerar

Som kjøtskjerar vil du raskt, sikkert og nøyaktig kunne forvandle eit digert kjøtstykke til ferdige stykningsdelar, biffar, filetar og beinfritt produksjonskjøt.

Slaktar

Slaktaryrket er eit av dei eldste yrka i verda, og dannar grunnlaget for all vidare kjøtproduksjon.

Pølsemakar

Pølsemakarfaget har utvikla seg frå å vere eit utprega handverksfag til òg å omfatte bruk av avansert teknologi for å sikre både smak og kvalitet.

Fagarbeidar i sjømatindustrien

Marin matvareproduksjon var tidlegare eit utprega sesongarbeid. Moderniseringar og planmessige uttak av fangst har i seinare tid ført til at ein no kan jobbe i stabile, heilårige jobbar som fagarbeidarar i sjømatindustrien.

Sjømathandlar

Ein sjømathandlar må kunne presentere og selje produkta på ein måte som sikrar god kvalitet, trygg mat, god utnytting av råvarene, god økonomi, og tillit hos kundane.

Industriell matproduksjon

Næringsmiddelindustrien er med sine 50 000 tilsette landets nest største industri.

Læringsressursar

Yrke i bransjen

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter