Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Yrke i bransjenChevronRight
  4. KonditorChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Konditor

Ein god konditor får utlaup for dei kunstneriske evnene sine ved å forme og skape fantastiske godsaker, med fullt fokus på nydelege smakar og makelaus estetikk.

En konditor legger ut konfekt i disken. Foto.

Yrket har røter heilt tilbake til bibelsk tid, men konditoren er likevel moderne, nyfiken og alltid på jakt etter å lage nye, spennande kreasjonar.

Kva gjer ein konditor?

Som konditor er du, til liks med mange andre tradisjonsrike yrke, nøydd til å meistre klassiske og utprøvde teknikkar. Du skal òg hanskast med moderne utstyr, strenge hygienekrav og delikate råvarer. Du må vere i stand til å utnytte råvarene på ein økonomisk forsvarleg måte og setje saman lekre utstillingar av ferdige varer.

Konditoren lagar alle slags kaker og søte bakervarer som blautkaker, konfekt, sjokoladekaker, kransekaker og konfektkaker. Konditoren lagar òg dekor og figurar i marsipan, sukker og sjokolade. Alt skal formast, pyntast og dekorerast pent, og ein konditor må derfor vere nøyaktig og litt kunstnerisk av natur. Arbeidet består både i handverk og maskinell produksjon.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • produsere kaker og søte bakverk
  • produsere kremar, glasurar og konfekt
  • bruk og vedlikehald av maskiner og utstyr
  • bruke både nye og tradisjonelle tillagingsmetodar
  • utvikle og tilpasse oppskrifter

Kvar kan eg jobbe?

Som konditor kan du jobbe i spesialforretningar, bakeri, ved storkjøkken og i restaurantar. Konditorfaget har lange tradisjonar gjennom påverknad frå Europa, og faget har fått større utfordringar og betydning i tråd med velstandsutviklinga og globaliseringa i samfunnet. Stadig opnare grenser, og større påverknad frå utlandet fører til at konditoren må vere i stand til å hente internasjonale impulsar, utan å misse grepet om gamle nasjonale tradisjonar.

Ein dugande konditor:

  • er kreativ og har god fantasi
  • har sans for form og farge
  • arbeider nøyaktig og hygenisk
  • har god kunnskap om råvarene
  • har eit godt handlag

Meir informasjon om yrket finn du på:

www.baker.no

Vil-bli-konditor

Læringsressursar

Yrke i bransjen

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter