Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. BakarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Bakar

Bakarfaget er eit av dei eldste handverka i verda, og det utviklar seg stadig. Som ein bakar for framtida må du kunne meistre den nyaste teknologien, samtidig som du utviser godt handlag av den gamle skulen.

Bakar med brød. Foto.

Fakta:

Yrkesnemning:

Bakar med sveinebrev

Utdanning:

Vg1 restaurant- og matfag
Vg2 baker og konditor
Vg3 bakerfaget (opplæring i bedrift – 2 år)

Eventuell vidareutdanning:

Meisterutdanning, fagskule, generell studiekompetanse, høgskule, universitet, diplombakarutdanning

Kva gjer ein bakar?

Som ferdigutdanna bakar vil du vere i stand til å forvandle ein tilsynelatande uformeleg gjærdeig til dei nydelegaste brød, bollar, rundstykke, bagels eller pizzabotnar. Bakaren har òg ansvaret for Wienerbakst, som wienerbrød og kringler. Enkelte bakarar vel å spesialisere seg i industribakeri og styrer store automatiserte produksjonslinjer, mens andre vel mindre handverksbakeri og også å lære litt om kaker.

Som dei fleste andre næringar endrar bakarfaget seg stadig, og det gjeld å halde følgje med både norske og utanlandske trendar og nyvinningar. I eit samfunn som i stadig større grad fokuserer på sunnheit og kosthald blir det òg di utfordring å lage velsmakande produkt, med rett samansetjing av nødvendige næringsstoff, både i høve til helse og ikkje minst god smak.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • produsere ulike typar brød, kaker og annan gjærbakst
  • lage bakverk etter både tradisjonelle og nye oppskrifter
  • reingjere og vedlikehalde utstyret
  • tilpasse og utvikle ny oppskrifter

Kvar kan eg jobbe?

Som bakar vil du kunne jobbe i store industribakeri, med avansert utstyr og produksjon i stor skala, eller i det "lokale bakeriet på hjørnet". Det er også mogeleg å få jobb innanfor hotell- og restaurantnæringa.

Ein dugande bakar:

  • har interesse for gjærdeig og andre deigar
  • har god kunnskap om råvarene og korleis dei verkar inn på baksten
  • jobbar strukturert, effektivt og nøyaktig
  • evnar å sjå kundane sine behov og ønskje

Meir informasjon om yrket

Les om bakaryrket på vilbli.no.

Les om bakaryrket på bakeri.net.