Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. EtikkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Etiske dilemma

Mange val er vanskelege fordi det er så mykje å ta omsyn til. Når vi blir dregne mellom ulike omsyn, seier vi at vi har eit etisk dilemma. Som fagarbeidar kjem du til å stå overfor val der du må vege ulike omsyn mot kvarandre, og det blir di oppgåve å bestemme kva som skal gjerast.

Ung kvinne med bind for augene. Foto.

Vi har eit etisk dilemma når

  • ulike verdiar eller normer kjem i konflikt med kvarandre
  • det som er rett for éin, blir feil for ein annan
  • ingen av løysingane er gode

Dette handlar om å velje éi handling når to eller fleire verdiar eller normer er viktige. Slike utfordringar møter vi både privat og når vi er på jobb.

Når du står overfor eit etisk dilemma, må du spørje deg sjølv: Kva skal eg leggje mest vekt på? Nokre mogelege tilnærmingsmåtar er:

  • Plikt
    Du legg vekt på å gjere plikta di. Det vil seie at du ønskjer å følgje skrivne og uskrivne lover og reglar.
  • Føremål
    Du legg vekt på at føremålet med ei handling er god. Eit godt resultat er viktigare enn at du følgjer alle reglane.
  • Konsekvens
    Du tenkjer mest på konsekvensane. Det valet som har færrast dårlege konsekvensar, for deg sjølv eller andre, er det beste valet.
  • Sinnelag
    Du meiner at det er tanken bak som tel. Det vil seie at valet må vere i tråd med det verdisynet du har, til dømes eit bestemt livssyn.

På jobb

Som profesjonell yrkesutøvar skal du kjenne og følgje lov- og regelverk.

Dersom lovverket seier noko om kva som er rett eller gale i ein situasjon, er du pålagt å følgje dette når du er på jobb.

Det finst òg etiske retningslinjer for ulike yrkesgrupper og institusjonar som kan hjelpe deg med å velje.

I eit arbeidsforhold kan du bruke kollegaane dine og dei overordna som støtte i slike valsituasjonar.

Læringsressursar

Etikk