1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. EtikkChevronRight
  4. YrkesetikkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Yrkesetikk

Vi gjer ei rekkje val kvar dag. Somme av vala er viktige for fleire enn oss sjølve. Som fagarbeidar i restaurant- og matfagbransjen kan du oppleve at vala gir både ønskte og uønskte konsekvensar for kundane.

Kelner serverer drikke til gjester. Foto.

Det er ikkje alltid lett å vite kva som er rett, og kva som er gale. Det er mykje å ta omsyn til.

Kvifor må du kunne noko om etikk?

Du som skal bli fagarbeidar i restaurant- og matfagbransjen, treng kompetanse i å omgåast andre. Du kjem i kontakt med menneske som har ein annan kulturbakgrunn, religion eller livsførsel enn deg.

Du skal jobbe for og med menneske, både kundar og kollegaar. Det du seier og gjer, påverkar samspelet ditt med andre. Derfor må du ha kjennskap til hovudtrekka i etikken, og du må trene deg i å bli medviten om kva signal du gir. Andre menneske ventar at du behandlar dei med respekt, ikkje minst når du er i ei yrkesrolle. Måten du opptrer på, kan påverke andre si oppfatning av seg sjølv.

Yrkesetikk

Det finst ikkje ferdige svar på alle mellommenneskelege spørsmål. I ein del situasjonar må ein sjølv avgjere kva som er rett og gale. Kunnskap om etikk skal gjere deg i stand til å reflektere og vurdere for å finne fram til gode svar på dei spørsmåla som måtte dukke opp. Gjennom refleksjonar om etikk blir du førebudd på situasjonar som kan oppstå.

Når du skal vere ein profesjonell yrkesutøvar, er det viktig å kunne vurdere kva som er rett og gale i ulike situasjonar. Dette gjeld uansett kva yrke du har. Når du jobbar i restaurant- og matfagbransjen, vil yrkesetikk seie å gjere det som er rett i høve til både kundar, kollegaar og arbeidsgivar. Somme gonger kan dette vere vanskeleg. Som yrkesutøvar kan du kome til å oppleve at det som er rett for éin, blir feil for ein annan.

Yrkesetiske retningslinjer

Mange yrkesgrupper har laga eigne yrkesetiske retningslinjer for faget sitt. Mange av desse kan du finne på Internett, eller du kan ta kontakt med ein fagorganisasjon og spørje etter dei der. Yrkesetiske retningslinjer inneheld normer for korleis du som fagarbeidar skal utføre arbeidet.

Utfordringar til deg

  1. Kva er yrkesetiske retningslinjer?
  2. Søk på Internett for å finne fleire døme på yrkesetiske retningslinjer. Finn du yrkesetiske retningslinjer for eit yrke du kunne tenkje deg å utdanne deg til? Du kan òg ta kontakt med organisasjonar eller institusjonar.
  3. Kva synest de kunne vere passande yrkesetiske retningslinjer for lærere i vidaregåande opplæring? Diskuter.
  4. Kva for etiske retningslinjer meiner de kunne vere felles for yrka i utdanningsprogram for Restaurant- og matfag? Diskuter i klassen.
  5. Eit fag byggjer på eit verdigrunnlag. Hent døme frå dei ulike yrka i utdanningsprogrammet, og diskuter korleis verdigrunnlaget kjem til uttrykk.

Læringsressursar

Etikk