Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. EtikkChevronRight
  4. Etikk i restaurant- og matfagbransjenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Etikk i restaurant- og matfagbransjen

Etikk kjem frå det greske ordet ethos, som tyder sedvane. Det er den delen av filosofien som søkjer å svare på spørsmål som «kva er godt?», «kva er det rette?», «korleis bør ein oppføre seg?».

En toarnet vektstang. Foto.

Etikk er altså den målestokken som eit individ (eller for den saks skuld ei bedrift) legg til grunn for orda og handlingane sine. Etikk er kort og godt læra om rett og gale.

Eit tredelt etikkspørsmål

Spørsmålet om etikk kan delast i tre. Det gjeld haldninga overfor kundane, det gjeld miljø og berekraft, og det gjeld eit rettferdig verdssamfunn. Det enklaste er kanskje haldninga overfor kundane. Det er liksom så sjølvsagt at vi gir kundane det vi har lova, og at vi heile tida arbeider for kvalitet. Det er jo ein nær og direkte relasjon til kunden, og ein tvilsam etikk på dette området slår direkte tilbake på bedrifta. Like enkelt er det kanskje ikkje å ha dei store perspektiva i tid og rom, tanken på berekraft inn i framtida og global rettferd. Dette krev at ein har tanke for dei som ikkje direkte er til stades, og då må ein ha kunnskap om emnet.

Kunnskap

Kunnskap er altså ein viktig føresetnad for å gjere rette etiske vurderingar. Særleg gjeld dette for miljø og internasjonal rettferd. Målet må vere å bidra til eit sosialt og økologisk berekraftig samfunn. Det finst i dag restaurant- og hotellkjeder som aktivt utdannar medarbeidarane sine i slike spørsmål. Ei hotellkjede seier om dette: «Sidan vi starta miljøarbeidet vårt, har vi utdanna 11 000 medarbeidarar i berekraftspørsmål. I dag har vi kunnskap og tenkjer på berekraft som ei utfordring og ein pågåande prosess. Globalt og lokalt».

Etiske spørsmål i kvardagen

Det kan reisast mange etiske spørsmål i det daglege arbeidet. Dei fleste av dei handlar ganske enkelt om å vere ærleg og heiderleg. Og i mange tilfelle er det rett informasjon overfor kunden/gjesten som er svaret. Aukande variasjon i etnisk opphav gjer spørsmål knytt til religion og skikkar stadig viktigare. Spørsmål frå gjestene må ein ta på alvor og svare korrekt på. Dersom du ikkje veit svaret, må du søkje hjelp hos kollegaar og overordna. Kan ingen gi eit sikkert svar, må gjestene få vite det.

Spørsmåla kan dreie seg om produksjonen av næringsmidla, om kvar dei kjem frå, om avl og om slaktemetode. Somme ønskjer berre halalslakta kjøt, andre ønskjer det slett ikkje og vil ikkje ete kjøt frå dyr som er slakta på den måten. Begge har rett til å få korrekt informasjon og innrette seg etter det. Det er ingen grunn til å reagere negativt dersom ein gjest går fordi han ikkje finn mat han kan/vil ete. Eit vesentleg spørsmål for mange vil vere om det er svinekjøt i maten. Andre kan ha allergiproblem og vil vite om det er løk eller kvitløk i sausen, om det er brukt østerskraft i fiskeretten eller om fruktsalaten inneheld mango. Alle har krav på rett informasjon.

Ein restaurantgjest spurde eksplisitt (uttrykkjeleg) om det var kvitløk i ein saus då han var allergisk. Kelneren forsikra at han skulle få saus utan kvitløk. Det fekk han ikkje; i staden fekk han eit sterkt allergianfall med alvorleg pustebesvær. Det kunne blitt svært alvorleg for restauranten, og under alle omstende skadet det stedets renommé.

For nokon kan det vere etiske haldningar som gjer at dei ikkje ønskjer å ete kjøt av dyr som er alte opp i overfylte bur eller liknande. Desse gjestene har òg krav på å bli tekne på alvor. For nokon er òg spørsmålet om genmodifisering viktig. Sjå Genforsking .

Oppgåver

  1. Korleis kan ei bedrift medverke til at medarbeidarane får auka kunnskap om miljøspørsmål?
  2. Intervju minst fem menneske om kva dei meinar om genmodifisering.
  3. Kva meiner du sjølv om genmodifisering?
  4. Kan du forklare med din eigne ord kva ei berekraftig utvikling vil seie?
  5. Finn minst tre ting ein i din framtidige bransje kan gjere for å redusere miljøbelastinga.
  6. Finn ut meir om Svanemerket og Blomsten. Er det nokon skilnad i krava?
  7. Finn ut om det på heimstaden din finst svanemerkte bedrifter og notér kva bedrifter det er.
  8. Lag eit konsept for eit opplegg med lokal mat og lokal kultur på heimstaden din. Kva for bedrifter kan samarbeide?

Læringsressursar

Etikk