Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Avfall og miljøChevronRight
  4. Kjeldesortering og gjenvinning ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kjeldesortering og gjenvinning

Å kjeldesortere tyder å sortere avfallet og samle dei ulike avfallstypane kvar for seg, for eksempel plast, glas, metall og drikkekartongar. Dette gjer at vi kan samle inn og sende desse avfallstypane tilbake til fabrikken og bruke dei som råvarer til å produsere nye varer.

En søppelkasse oppå et berg med drikkeflasker. Foto.

På denne måten sørgjer vi for å halde avfallet eller «ressursane» i eit krinslaup og reduserer behovet for å stadig hente ut nye naturressursar.

Når desse råvarene ikkje kan gjenvinnast og bli til nye materiale lenger, bør dei sendast til forbrenningsanlegg som produserer varmtvatn og straum til oppvarming av bustader og bedriftslokale. Ved mange avfallsdeponi samlar dei opp gass, og enkelte stader blir denne utnytta til energiføremål.

Det er påbode å sortere matavfall og anna organisk avfall i bransjane. Her må matavfall oppbevarast i eigne rom med nedkjøling. Matavfallsdunken må kunne reingjerast i same rom.

Vanleg avfall i restaurant- og matbransjane

  • organisk avfall
  • matavfall
  • emballasje
  • papir
  • plast
  • glas/porselen
  • metall

Her varierer det frå bedrift til bedrift avhengig av kva som blir produsert, og korleis det blir produsert.

Emballasje som bransjane har forplikta seg til å sortere

  • drikkekartong
  • brunt papir
  • emballasjekartongar
  • plastemballasje
  • metallemballasje
  • glas og porselen
Gjennvinningssymboler. Illustrasjon.

Visste du dette?

  • Det blir laga nytt papir av innsamla aviser, vekeblader, reklame og skrivepapir.
  • Innsamla returkartongar av drikkevarer og liknande blir sende til fabrikkar som produserer papirprodukt som permar, skiljeark, konvoluttar og anna papir.
  • Av emballasjekartong blir det laga ny emballasje, papp og andre papirprodukt.
  • Cirka 80 prosent av plasten som blir brukt, blir samla inn og gjenvunnen. Av dette blir vel 20 prosent til nye plastprodukt. Resten erstattar kol som brensel i industrien.

Læringsressursar

Avfall og miljø