Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Berekraftig produksjonChevronRight
  4. Avfall og miljøChevronRight
  5. Intensjonsavtalen for å redusere matsvinnChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Intensjonsavtalen for å redusere matsvinn

Noreg har teke grep for å redusere matsvinn. I 2015 blei det inngått ein intensjonsavtale mellom ulike aktørar der føremålet var å samarbeide om å halvere matsvinnet innan 2026.

Matsøppel. Foto

Ein intensjonsavtale er ein avtale som blir skriven under av to eller fleire partar med eit felles mål.

Regjeringa definerer matsvinn slik: «Mat som blir kasta, men som på eit tidspunkt kunne eller skulle vore eten av menneske, til forskjell frå uunngåeleg matavfall som bein, skal, produksjonsrestar og liknande.»

Regjeringa har fått i oppgåve av Stortinget å utarbeide ein plan for korleis denne halveringa av matavfallet kan gjennomførast. Intensjonsavtalen vil bli erstatta av ein meir konkret avtale når vi har fått statistikk og indikatorar som seier noko om korleis vi meir konkret kan lage mål for å redusere matsvinnet.

Kvifor må vi redusere matavfallet?

I Noreg kastar vi fleire tusen tonn mat årleg. Dette kostar samfunnet og alle aktørar dyrt i både pengar og ressursar. Ved å utnytte råvarene optimalt kan fleire aktørar spare pengar og oppnå ei meir lønnsam drift.

Miljøet blir òg påverka av produksjon. Det trengst for eksempel 175 liter vatn for å produsere éin kopp kaffi og 15 000 liter vatn for å produsere 1 kg oksekjøt. I tillegg til dette blir det sleppt ut eksos, og det blir forbrukt store mengder drivstoff når desse varene skal transporterast til rett forhandlar. Det er ikkje rett at vi skal kaste mat som vi har brukt så mykje ressursar på å produsere. Sjølv om det blir produsert biogass av matavfallet, får vi ein mykje større miljøeffekt ved å produsere mindre mat.

Oppbevaring av matvarer på kjølerom. Foto.
Temperaturkontroll på kjølerommet kan vere eit tiltak for å redusere matsvinn. For at maten skal halde seg, skal temperaturen liggje på 4 °C.

Målet er å redusere svinnet i heile verdikjeda, frå produsent til forbrukar. Delar av matbransjen har allereie sett i verk ulike tiltak, og nye tiltak kjem òg til å bli vurderte.

Samarbeid mellom matbransjen og styresmaktene

Intensjonsavtalen gir rammer for korleis matbransjen og styresmaktene kan samarbeide om å redusere matsvinnet. Ein må først finne ut kvifor ein får matsvinn, og deretter setje realistiske mål for å redusere dette. Dei ulike aktørane som har skrive under avtalen, skal òg utarbeide og utveksle gode tiltak. Det er viktig å presisere at mange allereie har starta prosessen med å redusere matsvinnet og har gode erfaringar med det. Desse erfaringane tek bedriftene med seg vidare samt deler og utviklar dei.

Daglegvarehandelen har sett i verk tiltak som å prise ned varer som går ut på dato, og å lage nye og betre emballasjeløysingar.

Økonomisk satsingsområde

Styresmaktene har sett av totalt 900 000 kroner til å arbeide med å redusere matsvinnet.

  • Næringslivet har eit eige prosjekt, «ForMat», som får 700 000 kroner av desse. Og Matsentralen i Oslo får 200 000.
  • Det er òg slått fast at mat som blir levert til velgjerande føremål, skal vere friteken for moms. Matbransjen blir på denne måten oppmoda til å gi vekk mat til velgjerande føremål for å redusere matsvinnet. Mat som er gått ut på dato eller har emballasje som er skadd, er gode eksempel på mat som kan leverast momsfritt. Dersom butikkar gir vekk mat, må dei betale ein uttaksmoms, og dette gjer at fleire butikkar i staden kastar maten.

Matsentralen

Matsentralen er eit firma som blei oppretta i Oslo i 2013 for å redusere matsvinnet. Firmaet distribuerer overskotsmat frå matbransjen til ideelle organisasjonar. Dei gjer ein stor samfunnsmessig innsats ved at dei gir vekk mat til dei som treng det, og dei samarbeider tett med matvareindustrien, daglegvarehandelen og kommunale instansar.

ForMat

ForMat er ei samanslåing av ulike aktørar i næringslivet, som saman arbeider for å redusere matsvinnet.

ForMat er eigd av desse aktørane:

  • NHO Mat og Drikke
  • Dagligvarehandelens miljøforum (DMF)
  • Dagligvareleverandørenes forening (DLF)
  • NHO Reiseliv

Desse aktørane har signert avtalen

Kokk. Foto.
Sørg for å avkjøle varm mat raskt. Då held han seg òg lenger. Dette reduserer matsvinnet.
  • Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
  • Helse- og omsorgsdepartementet
  • Nærings- og fiskeridepartementet
  • Klima- og miljøverndepartementet
  • Landbruks- og matdepartementet
  • NHO Mat og Drikke
  • NHO Reiseliv
  • NHO Sjømat Norge
  • Norske Sjømatbedrifters Landsforening
  • Dagligvareleverandørenes forening
  • Dagligvarehandelens miljøforum
  • Norges Fiskarlag
  • Norges Bondelag
  • Norges Bonde- og småbrukarlag
  • Virke

Hugselappen

Dei som har skrive under intensjonsavtalen, skal samarbeide om å utarbeide og utveksle tiltak for å redusere matsvinn i Noreg.

Det er dei ulike departementa og matbransjen som har inngått avtalen.

Bruk sansane dine og kunnskapen du har om råvarene, til å vurdere om maten må kastast, eller om han er brukande.