Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Riktig oppbevaring av matChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Riktig oppbevaring av mat

Filmen handlar om oppbevaring av lett bederveleg mat, på forskjellige lager som kjølerom, fryserom og tørrvarelager. I tillegg går vi gjennom merking av matvarer og omgrep som «siste forbruksdag» og «best før».

Riktig oppbevaring av mat

Skriv ein kort definisjon av desse omgrepa:

  • kjølerom
  • lett bederveleg
  • fryserom
  • haldbarheit
  • tørrvarelager
  • siste forbruksdag
  • best før

Spørsmål

  1. Korleis kan oppbevaringa av mat påverke kvaliteten?
  2. Kor mange gradar skal det vere på eit kjølerom, og kvifor?
  3. Kva meiner vi med lett bedervelege matvarer, og korleis skal slike oppbevarast?
  4. Forklar kva vi meiner med varerullering.
  5. Forklar korleis du kan oppbevare ytrefilet av okse over lengre tid.
  6. Kvifor har butikkar og større bedrifter ofte fleire kjølerom og fryserom?
  7. Kva kjenneteiknar eit tørrvarelager?
  8. Tabellen viser ei oversikt over ulike matvarer. Set kryss for riktig oppbevaring av matvarene. Nokre av varene i tabellen kan oppbevarast på to forskjellige lager.


    Kjølerom

    Fryserom

    Tørrvarelager

    olivenolje

    fiskekaker

    ytrefilet av okse

    ris

    poteter

    reker i lake

    skalreker

    mjøl

    sukker

    havregryn

    tomatar

    slangeagurk

    heil makrell

    makrell i tomat

  9. Nokre av varene i tabellen kan oppbevarast på to forskjellige lager, beskriv kvifor.
  10. Når du sjølv pakkar varer til oppbevaring, er det viktig at du merkjer varene tydeleg. Korleis bør du merkje varene?
  11. Forklar kva merkinga av desse varene bør innehalde: kjøtdeig, ris, pasta, fiskefilet.
  12. Kva er forskjellen på «siste forbruksdag» og «best før»?

Praktisk oppgåve

Ta to gulrøter og to agurkar. Legg ei gulrot og ein agurk på eit kjølerom og ein agurk og ei gulrot i romtemperatur i ei veke. Beskriv kvaliteten på varene etter ei veke.