Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Tillaging og produksjonChevronRight
  4. Emballering og merking av matChevronRight
  5. Merking av kjøtChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Merking av kjøt

Av og til har vi behov for å vite kva det er matvara vi ønskjer å kjøpe, inneheld, kven som har produsert ho, eller kvar ho kjem frå, for å nemne noko. Her får du ei kort innføring i kva dei ulike merka på kjøt tyder.

Et eksempel på merking av kjøttpøser. Foto.

Haldbarheit

Siste forbruksdag står på produkt som ein ikkje kan selje etter denne datoen. Dette er fersk mat som kan bli skjemd etter oppgitt forbruksdato.

Best før står på produkt som ein framleis kan selje etter datoen som står på, men i dette tilfellet er det butikken som har ansvaret for kvaliteten. Den same regelen gjeld for merkinga nedanfor.

Best før utgangen av kan berre brukast for matvarer som har lengre haldbarheit enn 18 månader. I enkelte særforskrifter er det krav om at produksjonsdatoen skal stå i tillegg til haldbarheitsdatoen.

Vekt

Vekta står som nettovekt, altså vekt utan emballasjen. Ferdigpakkar skal innehalde minst den mengda som står. Dette gjeld òg kjøttvarer og pålegg som blir vege, pakka og merkt i butikken, og som så blir lagt ut til sjølvbetening.

Vareslag og innhald

Norske slakteri og kjøtprodusentar merkjer produkta sine med eigne etikettar der det går fram kva produkta inneheld av råvarer og eventuelle tilsetjingsstoff. For djupfryste matvarer bør tinetid og opplysningar om bruk og tillaging stå på pakken.

Offentleg merking / EFTA-merke

Dette ovale stempelmerket (på slakt, kjøtstykke eller pakke) fortel at vara er produsert og godkjend i tråd med norske hygieneforskrifter, hos ei bedrift som er autorisert og under offentleg tilsyn. I tillegg viser det autorisasjonsnummeret til bedrifta og i kva land ho ligg. Stempelet seier ikkje noko om kvar kjøtet stammar frå, berre kvar det er vidareforedla. Alt kjøt som blir omsett som slakt, innpakka i engros- eller forbrukarpakningar, skal ha eit slikt offentleg stempel.

LOT-merking

LOT-merking er ein kode, eit nummer eller eit symbol eller liknande som gjer det mogleg å spore vara tilbake til eit bestemt produksjons- eller vareparti. Koden kan bli brukt i samband med feil eller reklamasjonar og på den måten medverke til at kjelda til problemet blir funnen raskt.

EAN-strekkode

Denne koden gir ikkje deg som forbrukar direkte informasjon, men ved hjelp av dei avanserte datasystema i butikkane gir han informasjon om produsent, vareparti med meir, som gjer det mogleg å spore vara tilbake gjennom heile verdikjeda.

Godt Norsk

Dette merket er ein garanti for at produkta er produserte av norske råvarer, og at bedriftene oppfyller dei krava som blir stilte for å kunne bruke merket.

Økologisk

Kjøt som er økologisk produsert, er merkt med Debio sitt spesielle Ø-merke. Ø-merket er ein garanti for at dyr som blir brukte i produksjonen, ikkje har fått anna enn naturleg fôr, og at det ikkje blir brukt kjemiske sprøytemiddel eller kunstgjødsel på garden.

Garantert mørt

Dette er produsenten sin eigen garanti for at kjøtet er mørt. Det finst andre tilsvarande garantiar som knekkgaranti, smaksgaranti osv., og desse er garantiar for noko produsentane sjølve ønskjer å stå for.

Importert kjøt

Noreg er så godt som sjølvforsynt med kjøt, og derfor er det lite behov for importert kjøt (3 %). Sjølv om det ikkje er pålagt å merkje / opplyse om at det er importert kjøt som blir selt, vel somme å gjere det.

Læringsressursar

Emballering og merking av mat

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter