Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Tillaging og produksjonChevronRight
  4. Emballering og merking av matChevronRight
  5. EmballeringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Emballering

Næringsmiddelindustrien bruker emballasjemateriale til varene sine. Så å seie alle varene vi kjøper i butikken, har ei eller anna form for emballasje for å verne vara og miljøet. Med lange transportvegar er vi heilt avhengige av å ha emballasje for å verne vara.

Nidar sjokoladefabrikk. Foto.

Emballasje gjer at vara held seg lenger, og tek vare på kvaliteten på maten.

Hovudføremålet med emballasje er å verne næringsmiddelet mot ekstern kjemisk eller mikrobiologisk forureining, oksygen, vassdamp, lys og ofte temperatur. Dette gjer at emballasje speler ein viktig rolle for kor haldbart næringsmiddelet er. Emballasje skal òg verne miljøet rundt vara. Nokre produkt har ekstreme pH-verdiar og bør ikkje få påverke miljøet fysisk. Eddik og vaskemiddel er gode eksempel på dette.

Emballasjen skal

  • informere om innhaldet
  • påverke kundar og få kundar interesserte i produktet
  • påverke forbrukaren til å kjenne att varesorten og produsenten (for eksempel logo og fargar)
  • vere praktisk med tanke på transport
  • vere solid og tett for å verne vara og miljøet
  • vere laga for å tole transport

Val av emballasje

Styresmaktene stiller ein del krav og reglar som produsentar og forhandlarar må rette seg etter når det gjeld det å velje emballasje.

Emballasjen skal vere miljøvennleg. Styresmaktene i Noreg har oppretta eit eige samarbeidsorgan, som heile tida arbeider for å betre emballasjen med tanke på produktet, men som samtidig arbeider for å bruke minst mogleg emballasje av miljøomsyn. Det har dei seinare åra vore fokus på mellom anna å lage ein tynnare emballasje, for eksempel i plast, som er like sterk. I verdikjeda er det òg stort fokus på at materialet skal kunne gjenbrukast, eller at det skal finnast gjenvinningsmåtar for emballasjen til produktet.

Når du skal velje emballasje, må du kjenne til kva eigenskapar produktet har, slik at du vel rett emballasje til rett produkt. Emballasje er laga av ulikt materiale som må tilpassast det aktuelle produktet.

Glas

Glas er gjennomsiktig, slik at forbrukaren kan sjå produktet. Det er eit tett og sterkt materiale som ikkje blir påverka av innhaldet. Det toler både vatn, gass og syrer. Ulempa er at det er tungt og knuseleg. Produkt som kan ta skade av lys, kan ikkje emballerast i lyst glas. Det blir produsert mørke og frosta glasflasker som mellom anna blir brukte til ein del oljar. Dette reduserer mengda lys som kan trengje gjennom, og gjer at harskningsprosessen blir utsett.

Metall

Hermetikkboksar

Til hermetikkboksar blir det brukt mest stålplater og/eller aluminium. For å motverke rust bruker ein litt tinn utanpå og inni hermetikkboksar. Etterpå blir boksen lakkert på inn- og utsida for at produktet ikkje skal ta opp metall frå boksen, og for at boksen ikkje skal farge av på innhaldet. Det finst eigne godkjende lakktypar for dei ulike produktgruppene.

Hermetikkboksar

  • er tette
  • toler trykk, støyt og slag
  • er lystette

Aluminiumsfolie / emballasje laminert med aluminiumsfolie

Aluminium blir brukt til aluminiumsfolie og til former og kartongar. Plast, papir og papp blir tettare med eit lag aluminiumsfolie. Juskartongane er eit eksempel på kartongar som er kledde med folie. Ein kler innsida av kartongen med aluminiumsfolie, slik at han blir luft- og lystett.

Aluminiumsfolien:

  • gode pakkeeigenskapar (lett å forme)
  • lystett
  • vasstett
  • lufttett
  • aromatett
  • god til å leie varme

Papir

Produkt som er laga av papir, blir brukte til posar og sekkar, og noko blir til ulike typar papp og kartongar. Felles for desse er at dei er avhengige av tørre omgivnader for å halde seg sterke.

Papir er eit billig, lett og bøyeleg materiale. Enkelte typar papir er laminert med eit anna materiale. Å laminere vil seie at papiret blir dekt med eit anna materiale for å oppnå bestemde eigenskapar.

Smørpapir har fått ei behandling som gjer at det er spesielt motstandsdyktig mot feitt, og det er derfor litt tettare enn vanleg papir.

Kartong er litt tjukkare og mindre bøyeleg enn papir fordi det er pressa saman av fleire lag med papir. Papirtypane i desse laga varierer alt etter kva emballasjen skal brukast til.

Papp er tjukkare og endå mindre bøyeleg. Papp toler litt meir fuktig luft enn papp og papir. Bølgjepapp er eit materiale som består av eitt eller fleire lag med bølgjepapir mellom flate papir. Bølgjepapp er kompakt og toler både trykk og slag utan å bli vesentleg deformert.

Plast

Plast blir som oftast laga av olje/gass. Til emballasje blir det brukt ein type plast som blir kalla termoplast. Dette er ein type plast som blir mjuk og smeltar ved oppvarming. Ulike typar plastmateriale blir ofte sett saman for å få ein plastemballasje som gir dei rette eigenskapane for det bestemde produktet.

Du kan kjenne att dei ulike plasttypane ved å sjå på merkinga på emballasjen. Her er eksempel på to typar plast:

PE: Polyeten er ein type plast som er ein del brukt. Han blir brukt mykje i laminat som innarfilm til for eksempel brød, kaker og frysevarer. Han har gode sveiseeigenskapar, noko som vil seie at han fint toler pakkemaskinar der emballasjen blir sveisa att. Elles er han seig, kan strekkast og er god til å halde på vassdamp, men han er ikkje eigna til å halde på høge gasskonsentrasjonar.

Polyamid (nylon): Polyamid er eit seigt og sterkt materiale som toler høg temperatur. Denne plasttypen blir derfor brukt i ein del «boil-in-bag»-produkt og posar berekna til «sous vide».

Oppgave - melk

Læringsressursar

Emballering og merking av mat