Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Tillaging og produksjonChevronRight
  4. Emballering og merking av matChevronRight
  5. MatmerkingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Matmerking

Det er innført nye merkereglar for næringsmiddel i Noreg og EU. Dei tok til å gjelde frå desember 2014. Regelverket omfattar alle som sel, leverer eller serverer mat til sluttforbrukaren. Det nye regelverket skal gjere det enklare å lese og forstå kva maten inneheld.

Ei dame som et ei peanøtt. Foto

Merking av allergen i uemballert mat

Krava om allergimerking av mat får mykje å seie for restaurant- og matbransjen. Dei må informere om innhald av 14 ulike allergen i all uemballert mat. Merkinga skal vere synleg for kundane slik at dei slepp å spørje beteninga.

Denne informasjonen kan ein gi i menyen, på plakat eller på skilt slik at det ikkje er til å misforstå. Seljaren er ansvarleg for at informasjonen om allergen er korrekt. Enkelte personar er svært allergiske og må kunne stole på at det blir gitt rett informasjon.

Produkt som tydeleg viser at dei er eit allergen, til dømes mjølk, er unnatekne frå regelverket om allergenmerking.

Andre krav til merkinga

På emballerte produkt skal merkinga vere lett leseleg. Skriftstorleiken skal vere minst 1,2 mm høg, men kan gå ned til 0,9 mm dersom emballasjen er mindre enn 80 cm2. Informasjonen om allergen skal vere skriven med feit eller kursiv skrift. I Noreg skal merkinga vere skriven på norsk eller eit språk som liknar på norsk.

Opphav

Alle kjøtprodukt skal merkast med dyresort. Produkt som er laga i Noreg og har fått norsk opphavsmerking, men har brukt utanlandske hovudråvarer, skal merkast med opphavsland for hovudråvara. Eit døme kan vere at blåbær blir plukka i Sverige, mens syltetøyet blir laga i Noreg.

Opphavsland skal ein alltid gi opp i tilfelle der forbrukaren kan bli villeia om opphavet til næringsmiddelet.

Andre nye reglar

Ein skal konkret og tydeleg merke kva produktet inneheld. Samlenemningar er ikkje lenger tillatne. Vegetabilsk olje er ikkje lenger tillate å skrive i ingredienslista, og det skal stå kva type olje som er brukt.

Kjøt- og fiskeprodukt som kan gi feil inntrykk slik at kjøparen trur at det er eit stykkje heilt kjøt, må merkast med «samansette stykkje av fisk/kjøt».

Frose kjøt og frosne, uforedla fiskeprodukt skal alltid vere merkte med innfrysingsdato.

Imitasjonsprodukt: Dersom ost er produsert av noko anna enn mjølk, skal ein gi opp dette og vara kan ikkje merkast med ost. Pølser som er tilsette soyaprotein, skal tydeleg merkast med at vara er tilsett soya.

Dersom det er tilsett meir enn 5 % vatn i kjøtstykka, skal ein gi opp dette i samband med nemninga.

Når ein sel varer på nettet, skal opplysningar om produktet liggje tilgjengeleg til salet er avslutta.

Næringsdeklarasjon

Ein skal gi opp energiinnhaldet i vara, og kor store mengder av protein, feitt og karbohydrat ho inneheld. Metta feitt er den einaste feittsyra som regelverket seier skal merkast.

Obligatorisk

Alle produkt som inneheld natrium, skal merkast med saltinnhald. Produkt skal merkast med salt, og ikkje natrium.

Frivillig

Opplysningar om fleirumetta og einumetta feitt, stivelse og kostfiber, vitamin og mineral (om dei ikkje finst i store mengder), er frivillige.

Læringsressursar

Emballering og merking av mat