Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Tillaging og produksjonChevronRight
  4. Emballering og merking av matChevronRight
  5. Emballasje og emballeringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Emballasje og emballering

Emballasje/emballering Næringsmiddelindustrien brukar emballasjemateriale til varene sine. Så å seie alle varene vi kjøper i butikken, er innpakka i ein eller annan form for emballasje. Hovudføremålet med emballasje er å beskytte næringsmiddelet mot eksterne kjemiske eller mikrobiologiske forureiningar, oksygen, vassdamp, lys og ofte temperatur. Dette gjer at emballasje speler ei viktig rolle for å gjere næringsmiddel haldbare. Emballasjen inneheld informasjon om og reklame for produktet. I dag er det vanleg at næringsmiddel har emballasje. Det er umogleg å distribuere mange næringsmiddel utan emballasje. Emballasje er ofte ein del av sjølve produktet. Emballasje må tilpassast krava frå dei ulike næringsmidla, som oksygen, lys og temperaturvariasjonar.Det vert stilt krav til emballasjen både frå myndigheit, produsent, distributør, forhandlar og forbrukar. Materiala ein lagar emballasje av, har forskjellige eigenskapar. Glas: Glas er gjennomskinleg slik at forbrukaren kan sjå produktet. Det er eit tett og sterkt materiale som ikkje vert påverka av innhaldet. Ulempa er at det er tungt og kan knusast. Produkt som kan ta skade av lys, kan ikkje emballerast i glas. Metall: Til hermetikkboksar brukast mest blikk og aluminium. Aluminium brukast og til ulike tynnvegga former og til aluminiumsfolie. Plast, papir og papp blir tettare med eit lag aluminiumsfolie. Dette gjer at smak og aroma ikkje slipp ut gjennom metallet. Vidare sørgjer det for at lys blir reflektert frå den blanke overflata, og at oksygen ikkje slipp inn. Juskartongane er eit eksempel på dette. Her vert innsida av kartongen kledd med aluminiumsfolie slik at han blir luft- og lystett. Papir: Papir er et billig, lett og bøyeleg materiale. Kartong er litt tjukkare og mindre bøyeleg. Papp er enda tjukkare og enda mindre bøyeleg. Felles for desse er at dei er avhengige av tørre omgivnader for å halde seg sterke. Plast: Plast lar seg lett forme til ulike formar for emballasje. Plast finnast i ulike kvalitetar. Ofte er ikkje berre eitt materiale nok for å få rett tettleik og styrke. Da vert ulike typar plast sette saman til eit materiale som har dei riktige eigenskapane. Har du tenkt over at: edderkoppen som spinn eit nett rundt den daude flua for å ta vare på føda til seinare bruk, emballerer ho? Emballasje og mat Mange forbrukarar er usikre på kva som er riktig bruk av emballasje til næringsmiddel – særleg plastmateriale. Det er sjeldan at ein og same type matemballasje eignar seg til alle typar mat og til bruk ved alle temperaturar – det er derfor svært viktig at forbrukarane sjekkar merkinga. Merkinga skal opplyse brukaren om emballasjen er meint for kontakt med næringsmiddel. Glas- og gaffelsymbolet er eitt av fleire merkealternativ og blir stadig meir vanleg på skåler, boksar og esker av plast. Symbolet illustrerer at varen er eigna til kontakt med mat og drikke. Varen kan alternativt få ein karakteriserande varebeskriving, for eksempel brødpose eller matboks. Beskrivinga ´for næringsmiddel´ eller for mat oppfyller også merkekravet i forskrifta på dette punktet. Foliar Aluminiumsfoliar og plastfoliar er mykje brukt i privathushald. Ver nøye med å lese brukarrettleiinga for desse produkta ettersom dei kan innehalde viktige bruksavgrensingar. Aluminiumsfolie er oftast ikkje eigna til kontakt med sure og salte næringsmiddel, plastfoliar kan ha avgrensingar for kontakt med feite næringsmiddel eller vere ueigna til oppvarming i mikrobølgjeomn. Boksar og esker Mange brukar tomme isboksar eller bærkorger til å oppbevare matrester. Denne typen emballasje er i utgangspunktet meint for eingongsbruk. Vi bør ikkje gjenbruke produkta til kontakt med andre næringsmiddel enn det som emballasjen opphavleg var fylte med. Kjøp heller plastboksar for næringsmiddel i daglegvareforretninga. Tørkerullar Ikkje alle tørkerullar er eigna til mat. Tørkepapir som er produserte av resirkulert papir, bør ikkje brukast i kontakt med mat eller som ´reservefilter til kaffitraktaren. Resirkulert papir kan innehalde helseskadelege stoff som tungmetall og trykkfargerestar og er derfor berre eigna til å tørke hender og kjøkenbenkar. Tørkepapir som nyttast til å tørke av maten, bør vere produsert for slik bruk. Det vil seie at papiret bør vere merka med glas- og gaffelsymbolet eller med ein tekst som seier at produktet er eigna for direkte kontakt med kjøt, fisk eller andre næringsmiddel. Oppvarming i mikrobølgjeomn Bruk av plastmateriale i mikrobølgjeomn krev at plasten toler varme. Det kan vere lurt å sjå om bruk i mikrobølgjeomn står omtalt i brukarrettleiinga. Næringsmiddel må ikkje varmast i originalemballasjen dersom det ikkje er spesifikt angitt på pakka. Pantbare gjenbruksflasker Gjenbruksflasker skal ikkje fyllast med andre næringsmiddel enn det som vart tappa på dei av mineralvatn produsenten. Gjer det til ein regel å leggje flaskene rett i pantekassa! Forbrukarkjemikaliar, som malingtynnar, skirens eller motorolje, som vert helt på flaskene, vil kunne vere helsefarleg for den neste forbrukaren som nyttar flaska. Heller ikkje andre næringsmiddel med sterk lukt eller smak må hellast på flaskene ettersom stoffa kan setje seg fast i materialet. Sjølv om returflasker skal vere grundig kontrollerte, både med tanke på helsefarlege stoff og sensoriske avvik før dei vert fylte att, må flaskene ikkje pantast viss ein er i tvil om kva for væsker som har vore oppbevarte på dei.

Læringsressursar

Emballering og merking av mat