1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Tillaging og produksjonChevronRight
  4. Berekraftig produksjonChevronRight
  5. Økologisk mjølk og meieriproduktChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Økologisk mjølk og meieriprodukt

Økologisk mjølk, rømme, ost og smør kjem frå kyr på økologiske gardar. Mjølka blir henta og handtert åtskild frå vanleg mjølk på meieriet, og emballasjen blir merkt med Ø-merket for at du som forbrukar skal finne produkta i butikken.

Økologisk mjølk. Foto

Produksjonen av mjølk i det økologiske landbruket er kjenneteikna av høge krav til dyrevelferd og miljøvern. Fôret blir dyrka heilt utan kunstgjødsel og kjemisk-syntetiske sprøytemiddel. Det gjer at avlingane er noko lågare i økologisk enn i konvensjonell drift. Dette er ei av årsakene til at utsalsprisen i butikk er høgare for økologisk mjølk og andre mjølkeprodukt enn for tilsvarande konvensjonelle produkt.

Er økologisk og vanleg mjølk like sunn?

Er økologisk mjølk sunnare enn konvensjonell mjølk? Det blir forska mykje på dette, men meir i utlandet enn i Noreg. Det gjeld å halde tunga rett i munnen når ein skal vurdere om resultata kan generaliserast til norske forhold.

Lite skilnad på dei viktigaste næringsstoffa

Mange studiar i andre land enn dei skandinaviske landa har funne høgare innhald av alfa-linolensyre (forstadium til omega-3-feittsyre), linolsyre (essensiell feittsyre), vitamin E, betakaroten og ein større skilnad mellom fleirumetta og einumetta feitt i økologisk mjølk i høve til konvensjonell. Det er ikkje funne skilnader i innhaldet av kalsium, vitamin B2 (riboflavin), vitamin B12 eller sink. Mjølk er ei mykje viktigare kjelde til kalsium, B2 og B12 enn til alfa-linolensyre, vitamin E og betakaroten, derfor har desse skilnadene lite å seie for helsa vår.

Trass i dei skilnadene ein har funne i disse studiane, har både britiske og amerikanske forskarar gjort samla vurderingar som konkluderer med at økologisk mjølk ikkje er sunnare enn anna mjølk. Sjølv om økologisk mjølk inneheld meir av ei særskild omega-3-feittsyre enn vanleg mjølk, er det ukjent om ho blir omdanna til dei lange omega-3-feittsyrene som vi mellom anna finn i fisk. Og det er dei langkjeda omega-3-feittsyrene som har vist seg å ha helseeffekt i forhold til hjarte- og karsjukdom.

Kyr har sommarferie utandørs i Noreg

Kyr som står på bås i Noreg, er pålagde «utandørs sommarferie» med beiting minst 8 veker i året. Kyr i økologisk landbruk har krav på å kunne gå på beite i heile beitesesongen og skal luftast så lenge veret tillèt det. Ifølgje regelverket kan det dermed vere ein skilnad på kor mykje kyr i konvensjonelt og økologisk landbruk er ute om sommaren. I praksis er denne skilnaden mykje mindre, om nokon, fordi også bøndene som driv konvensjonelt lèt kyrne beite ute så lenge det er mogeleg. Det er til dømes vanleg at kyr i austlandsområdet beitar ute frå mai til oktober. Dermed er det sannsynlegvis ikkje stor skilnad på kor lenge kyrne beitar ute, uansett produksjonsmåte.

Norske kyr et gras og kløver

På same måte som dei svenske kyrne, et norske kyr mest gras, kløver og grovfôr. Det er svært uvanleg at dei får maisfôr. Vi kan dermed rekne med at det i Noreg er liten skilnad på økologisk mjølk og konvensjonell mjølk når det gjeld næringsinnhald, og at eventuelle skilnader heller kjem av ulike driftsforhold, kvar garden ligg osv., enn produksjonsmetoden.

Økologisk mat er kortreist

Om det ikkje er skilnad på næringsinnhaldet i økologiske og konvensjonelle matvarer, er det for mange andre grunnar til å velje økologisk, som til dømes omsynet til miljøet og at maten er kortreist.

Læringsressursar

Berekraftig produksjon