Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Tillaging og produksjonChevronRight
  4. Berekraftig produksjonChevronRight
  5. Økologiske råvarer og produksjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Økologiske råvarer og produksjon

Regjeringa har sett seg som mål at innan 2020 skal 15 % av all produksjon vere økologisk. Døme på delmål som gjeld restaurant- og matfaga, er å satse meir på produktutvikling i økologisk produksjon og samordne dette med småskalaproduksjon, og å auke volumproduksjonen opp mot storhushald.

Inger Skjervold Rosenfeld og "Den blinde ku". Foto.

Dei store leverandørane, mellom anna Gartnerhallen og Bama, arbeider aktivt og har sett seg sine eigne mål for å auke produksjonen og omsetninga av økologiske varer.

I handelen finst det no ei rekkje matvarer som er økologisk produserte. Ø-merket er kjenneteiknet på at dei er økologiske. I tillegg har dei store matvarekjedene eigne merkenemningar på dei økologiske produkta sine:

  • Go Eco – Meny-, Ultra- og Kiwi-butikkar
  • Änglamark – Coop sine butikkar

Korn og kornprodukt

Økologisk korn blir dyrka på ein åker som er fri for kunstgjødsel og kjemiske sprøytemiddel. For å få bort ugras, sopp og skadedyr og som jordforbetring bruker bonden vekstskifte, som vil seie å veksle mellom sortane ein dyrkar på den same åkeren over tid. I tillegg bruker bonden naturleg gjødsel som rett og slett er avføring frå dyr. Vi har mange økologiske kornsortar i handelen i dag.

Egg/fjørfe

Økologiske egg kjem frå høner som har særskilt tilrettelagde hønsehus, stell og fôr (som sjølvsagt skal vere økologisk). Høna/kyllingen har krav på å gå fritt ut og inn, og ute skal det vere lagt til rette eit miljø som høna kan trivast i. Inne skal det vere lyst på dagtid, og god plass så ho kan røre på vingene og gjerne ta eit sandbad for å reinske dei om ho ønskjer det. Høna skal ha eit mest mogeleg naturleg miljø rundt seg, og det omfattar at ho skal få sove på ein vagle, at ho har eit reir til å leggje egg i, og at det er mørkt om natta.

Dyr

Dyr som blir alne opp på ein økologisk gard og blir selde som økologisk kjøt, skal leve slik det er mest naturleg for dyret. Fôret skal sjølvsagt vere økologisk, det skal vere god plass inne og mogeleg å gå ut og inn. Det er krav om at dyra skal kunne vere ein god del ute også utanom beitesesongen. Levemåten til økologiske dyr vil gjere dei meir motstandsdyktige mot sjukdom. Ved eventuell sjukdom og medisinsk behandling med kjemisk medisin er det krav om dobbelt så lang karantenetid som til vanleg, når ein leverer mjølk og kjøt.

Frukt og grønsaker

Økologisk frukt og grønsaker skal vere dyrka utan kunstgjødsel og sprøytemiddel. Somme gonger blir frukt og grønt voksa for at dei skal halde seg lenger. Det er ikkje tillate å gjere dette med økologisk dyrka frukt og grønsaker. Ettersom økologisk frukt ikkje er sprøyta, kan vi bruke skalet når vi lagar mat og bakar. Ernæringsmessig viser undersøkingar at økologisk frukt og grønsaker inneheld fleire næringsstoff og antioksidantar enn dei som er konvensjonelt dyrka. Økologiske produkt inneheld også mindre vatn, og då aukar naturleg nok også næringsinnhaldet per kilo.

Naturleg økologiske råvarer

Ein del av dei varene vi har rundt oss er naturleg økologiske, utan at vi tenkjer så mykje over det. Ville dyr og fuglar og fisk et av det naturen gir og er økologiske. Elles kan vi om hausten finne ein del viltveksande sopp, urter og bær som vi kan hauste sjølve eller kjøpe av ein leverandør eller i butikken.

Læringsressursar

Berekraftig produksjon