Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Tillaging og produksjonChevronRight
  4. Berekraftig produksjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Økologisk matvareutval

I norske butikkar finst økologiske varer av mange forskjellige slag.

Grønsaker som poteter, tomater, gulrøtter, selleri, rødbetar, løk, kvitløk og purre; enkelte kjøtvarer som spekepølse; egg; meieriprodukt som mjølk, fløyte og ost; ulike sortar mjøl og mjølprodukt som brød og frukostblandingar; andre tørrvarer som spaghetti og makaroni; kolonialvarer som kaffe og te... utvalet veks heile tida.

Ville bær og skogssopp, viltveksande urter, villfisk og ville dyr og fuglar har også levd eit økologisk liv før dei hamnar i kjøkenet ditt - anten fordi du sjølv har vore ute på plukking eller fangst, eller fordi du har kjøpt slike varer i butikken.

Læringsressursar

Berekraftig produksjon