Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Tillaging og produksjonChevronRight
  4. Berekraftig produksjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Fairtrade

Fairtrade er ei internasjonal merkeordning som sikrar rettferdig handel mellom produsentar i utviklingsland og importørar/forbrukarar i vestlege land.

Arbeidarar på ein kaffiplantasje sorterer kaffibønner. Foto

Føremålet med merkeordninga er å sikre betre lønns- og arbeidsforhold for dei tilsette, slik at dei har nok midlar til å investere i produksjonen, lokalsamfunnet og i arbeidet for ei berekraftig utvikling.

Merkeordninga for rettferdig handel har vakse seg stor sidan ho blei starta i 1988. Det finst i dag over 30 000 produkt på verdsbasis som har dette merket, og det er spreidd til meir enn 125 land.

Rettferdige vilkår for handel gjer at bønder og arbeidarar sjølve har høve til å kjempe mot fattigdom. På den måten kan dei ta kontroll over framtida og sitt eige liv, og byggje opp eit lokalmiljø.

Kvifor velje Fairtrade?

Om lag 80 prosent av all handel i verda går føre seg mellom utviklingsland og industriland. Mange millionar bønder og plantasjearbeidarar lever i fattigdom. Dei har ofte låg lønn og arbeider under dårlege helsemessige forhold, og det er forbode å fagorganisere seg. Kvinner blir ofte diskriminerte og har lågare lønn enn mennene. Mange foreldre har ikkje råd til å la barna gå på skule, i staden må dei begynne tidleg i jobb for å vere med på å forsørgje familien. Av og til kan produksjonen også øydeleggje miljøet, til dømes på grunn av forureining.

Kva kan bransjen gjere for å bidra?

Som fagarbeidar i restaurant- og matbransjen er det viktig å kjenne til merkeordninga for å kunne ta eigne og etiske val av produkt når du kjem ut i arbeidslivet. Du må òg kunne noko om Fairtrade for å kunne rettleie kundar og gjester som skal velje produkt.

Mange kundar ønskjer å vere miljøbevisste og tenkje etikk og berekraft, og desse vel ofte å gå på kaféar eller i butikkar som sel varer merkte med Fairtrade.

Fairtrade-sertifisering

For å sikre at sertifiseringa blir overhalde er det oppretta ein eigen uavhengig organisasjon, Flocert, som følgjer heile produksjonskjeda og kontrollerer at bedriftene etterlever standardane.

Nokre av kriteria for å få Fairtrade-sertifisering er:

  • Arbeidarane skal ha arbeidskontrakt og stillingsbeskriving, og har krav på ferie.
  • Dei har krav på fødselspermisjon og betalt ammefri.
  • Arbeidarane skal ha fast lønn som er fastsett etter nasjonal minstelønn.
  • Demokrati og medverknad på arbeidsplassen.
  • Det skal vere organisasjonsfridom.
  • Arbeidstakarane har krav på verneutstyr.
  • Det er ikkje tillate med tvangs- og barnearbeid.
  • Bedriftene skal ha ein minimumspris for produkta sine som er fastsett av Fairtrade.
  • Importørar må betale eit beløp som skal gå til ein eigen pott (Fairtrade premium), og dette skal nyttast til å utvike produksjonen eller lokalmiljøet, mellom anna til skular, barnehagar, brønnar eller livsforsikringar.
  • Det skal drivast ein berekraftig produksjon som vernar miljøet (redusere bruk av sprøytemiddel, reinse utsleppsvatn, og ein oppmodar òg til økologisk drift.)
  • Bedrifta skal ha tilgang til internasjonale marknader.

Fairtrade og økologisk produksjon

Fairtrade har strenge miljøkrav og oppmodar til økologisk produksjon, men dette er ikkje noko krav. Det er derfor i praksis ingen samanheng mellom Ø-merket og Fairtrade.

Læringsressursar

Berekraftig produksjon