Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Tillaging og produksjonChevronRight
  4. Berekraftig produksjonChevronRight
  5. Smakstesting av økologisk vare opp mot konvensjonelt dyrka produktChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Smakstesting av økologisk vare opp mot konvensjonelt dyrka produkt

I denne oppgåva skal du bli betre kjend med økologiske produkt. Ved å smaksteste trener du også på å bruke smaksgana dine.

Ein mann som sit i testpanel.Foto.

Informasjon om oppgåva

Læraren skal gjere innkjøp, og deretter skal de smaksteste økologiske produkt opp mot konvensjonelle. Kva smakar best? Skjema til bruk i smakstestinga er lagd ved som PDF.

Smakstesting av økologisk og konvensjonelle råvarer

Filer

Oppgåve

Innkjøp

Kjøp inn økologiske og konvensjonelle grønsaker og frukt av same sort, slik at det dannar grunnlag for samanlikning. Skjemaet som er lagt ved, er meint for tre sortar.

Førebuingar før smakstesting

Utstyr

Kniv, fat til smaksprøver, notislappar, vann, glas, smakstallerkenar og eventuelt serviettar.

Gjennomføring

  1. Skjer opp like store bitar av alle sortar, og legg på fat. Set ein namnelapp med ein talkode under kvart fat og same tallkoden oppå fatet. Lag deg ein fasit med kva som er økologisk og konvensjonell, eller skriv ein lapp med Ø under på økologisk vare.
  2. Del ut testskjema. Følg reglane som er sett opp for testing (sjå hugselappen).
  3. Testpanelet forsyner seg av dei ulike sortane, og smakar. Bruk skjema og noter under kvar kolonne. I éin av kolonnane skal det givast terningkast. Vara med til dømes talkode 1 skal skrivast under talkode 1 på skjemaet.
  4. Gå gjennom testskjemaet og samanlikn resultata for økologisk og konvensjonell vare. I kolonnen der det blir gitt terningkast, kan ein finne gjennomsnittet av terningkasta ved å leggje saman alle tala frå kvar elev, og dele dette på talet på elevar som har vore med i testpanelet. Kva for råvare kjem best ut i test?

Læringsressursar

Berekraftig produksjon