Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Tillaging og produksjonChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Tillaging og produksjon

Maten vi et skal vere trygg og samtidig ei oppleving for både auge og gane. Då må vi ha grunnleggjande kunnskapar om teknikkar, framgangsmåtar, maskinar og utstyr.

To kokkar rører i gryter. Foto.

Kraft dannar grunnlaget for dei fleste typar sausar og supper. Du visste kanskje ikkje at desse har ei spesiell inndeling? Som kokk bør ein kjenne til dei grunnleggjande tillagingsmetodane og inndelinga av både kald- og varmmat.

Vel du å bruke berekraftige råvarer i produksjonen? Når du vel å jobbe berekraftig, tek du samfunnsansvar for miljøet, og det er i tråd med tilrådingane frå regjeringa. Kva seier regelverket om merking, deklarasjon og emballering av ferdige produkt? Det får du vite meir om i dette emnet.

Emner

Tillaging og produksjon

  • Kraft og jamning

    I dette emnet lærer du meir om inndelinga av kraft og jamningar, og du får ei innføring i dei grunnleggjande prinsippa i dei ulike kategoriane.

  • Saus og suppe

    I dette emnet vil du lære mer om inndeling av sauser og supper, samt de grunnleggene prinsippene i de ulike kategoriene.

  • Dessertar

    Desserten si oppgåve er å runde av måltidet og setje prikken over i-en. Etter ein salt middag smakar det ofte godt med noko søtt eller syrleg.

  • Baking

    Når ein produserer gjærbakst og søte bakverk, må ein kunne dei grunnleggjande teknikkane og vere nøye med mål og vekt.

  • Oppskriftshefte og mengder

    Her finn du oppskriftshefte frå ulike tema og ulike land. Det er alltid viktig å kjenne til mengder og råvarer for å planleggje eit måltid.

  • Berekraftig produksjon

    Kvar einaste dag blir vi 200 000 fleire på jorda. Det er lett å forstå at matproduksjonen må auke, samtidig som vi må kaste mindre mat. Då må òg alle land dyrke så mykje som mogeleg av maten sin sjølve. Kortreist mat er målet! Fairtrade og økologisk produksjon er sentrale omgrep innan berekraftig produksjon.

  • Maskinar og utstyr

    Når ein produserer mat, er det nødvendig å nytte maskinar, utstyr og reiskapar for å få utført arbeidet riktig og effektivt.

  • Emballering og merking av mat

    Varene vi bruker, har ei eller anna form for emballasje for å verne vara og miljøet. Det blir stilt strenge krav til merking av varer og emballasje.

  • Molekylær gastronomi

    Molekylær gastronomi en verden der man kan trylle fram nye smaker og opplevelser.