Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Grøn logistikkChevronRight
  4. Bygg- og anleggsavfall og trevirkeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bygg- og anleggsavfall og trevirke

Her lærer du litt om bygg- og anleggsavfall og om trevirke.

En rekke med blå konteinere står foran et murbygg under oppføring.foto.
Avfallskonteinere på byggeplass

Bygg- og anleggsavfall (BA-avfall)

Bygg- og anleggsavfall består av

  • bygnings- og rivingsavfall
  • anleggsavfall

Bygnings- og rivingsavfall omfattar i hovudsak metall, trevirke, glas og betongavfall. Slikt avfall kan innehalde store mengder miljøfarlege stoff. Byggherrane må utarbeide særskilde avfallsplanar i samsvar med gjeldande regelverk.

Anleggsavfallet består i stor grad av lausmassar og sprengstein. Mykje slikt avfall blir brukt som masse til nye veganlegg og som fyllmasse.

Trevirke

Utanom reglane om behandling av trevirke som er bygg- og anleggsavfall, finst det ingen lover eller forskrifter som sikrar auka gjenvinning av trevirke. Det eksisterer heller ingen avtalar mellom styresmaktene og bransjane om gjenvinning av trevirke. Avfallstrevirke blir i all hovudsak omdanna til flis og flisbrikettar og brukt til brensel.

Læringsressursar

Grøn logistikk