1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Grøn logistikkChevronRight
  4. Bildekk, bilbatteri, elektronisk og elektrisk avfall frå næringslivetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bildekk, bilbatteri, elektronisk og elektrisk avfall frå næringslivet

Her lærer du litt om korleis bildekk, bilbatteri og elektronisk og elektrisk avfall frå næringslivet blir behandla.

Gjenvinningsanlegg

Bildekk og bilbatteri

Dekkforhandlarar kan velje å regummiere kasserte dekk eller utnytte dei kasserte dekka til andre produkt. Alternativt må forhandlarane (som har plikt til å ta kasserte dekk vederlagsfritt i retur) levere dekka til ein godkjend innsamlar. Selskapet Norsk Dekkretur AS administrerer ordningane med å organisere mottak, innsamling og sal av innsamla dekk.

Forhandlarar av bilbatteri har tilsvarande plikt til å ta brukte bilbatteri vederlagsfritt i retur. Batteria leverer dei vidare til godkjende innsamlarar. Selskapet AS Batteriretur administrerer ordningane med innsamling og gjenvinning av kasserte blybatteri.

Elektronisk og elektrisk avfall (EE-avfall)

Alle produsentar og importørar av EE-avfall skal vere knytte til eit godkjent returselskap.

Følgjande returselskap er godkjende av Klima- og forureiningsdirektoratet per juni 2012:

Forhandlarar av EE-produkt har plikt til å ta imot EE-avfall som er produksjonsavfall, vederlagsfritt ved nykjøp av tilsvarande mengd produkt. Kommunane har plikt til å ta imot EE-avfall som er produksjonsavfall, men kan krevje vederlag for dette.

Læringsressursar

Grøn logistikk