Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Grøn logistikkChevronRight
  4. Metall-, kartong og plastavfall frå næringslivetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Metall-, kartong og plastavfall frå næringslivet

Her lærer du litt om korleis metall-, kartong- og plastavfall frå næringslivet blir behandla.

Bunter med pappemballasje i kontainer.foto.

Metall

Metall har den eigenskapen at det kan smeltast om og om igjen og brukast på ny. Metallavfall har derfor en kommersiell verdi. Alle som produserer metallavfall, sel slikt avfall vidare til gjenvinningsbedrifter.

Det finst eit omfattande nettverk av bedrifter som sorterer, omarbeider og omset skrapjern og metall som aluminium og koparlegeringar. Ordninga omfattar også bilvrak.

Norsk returmetallforening organiserer medlemsbedrifter som driv metallinnsamling og gjenvinning.

Kartong, bølgje- og massivpapp

Selskapet Norsk Resy AS administrerer innsamling og gjenvinning av brun fiber (kartong, bølgje- og massivpapp).

Dei som sitt med store mengder brukt kartong, bølgje- eller massivpapp, kan gjere avtalar med etablerte returpapirhandlarar om henting, eller dei kan sjølve levere avfallet direkte til returpapirforhandlarane eller papirfabrikkane for gjenvinning. Direktelevering er gratis, ved henteoppdrag skal den som hentar, ha betaling.

Slikt avfall skal oppbevarast åtskilt frå anna avfall og på ein slik måte at det er eigna for gjenvinning.

Plastavfall

Selskapet Plastretur AS administrerer innsamlingssystemet for plastemballasje frå næringslivet i Noreg. Innsamlings- og ombrukssystema omfattar desse plasttypane:

Eingongsemballasje:

  • folie/film
  • flasker, kanner, ballongar, inklusiv kapslar
  • beger, spann, boksar
  • øskjer, kassar, brett, pallar
  • storsekkar i voven polypropylen (PP)
  • annan eingongsemballasje

Ombruksemballasje:

  • nye ombruksflasker, -kanner, -ballongar
  • nye ombruksøskjer, -kassar, -brett, -pallar
  • annan ny ombruksemballasje

Læringsressursar

Grøn logistikk