1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Grøn logistikkChevronRight
  4. Våtorganisk produksjonsavfallChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Våtorganisk produksjonsavfall

Her lærer du litt om korleis våtorganisk produksjonsavfall frå næringslivet blir behandla.

Sløyd, hodekappa fisk lagt i is. Foto.

Våtorganisk produksjonsavfall er lett nedbrytande organisk avfall som matavfall frå storhushald, slakteavfall og fiskeavfall. Våtorganisk industriavfall omfattar i tillegg myse, brød, mjøl, sjokolade med meir. Slikt avfall gjekk tidlegare til gjenvinning og blei brukt til fôrproduksjon. EU har no innført forbod mot å blande inn restar frå matavfall i produksjon av dyrefôr. Det meste blir derfor energigjenvunne.

Gjenvinninga er avgrensa til dei regionane som har anlegg for fôrproduksjon i rimeleg nærleik. Våtorganisk avfall som ikkje eignar seg til fôr, går til kompostering. Avfall frå norske husdyrslakteri, det vil seie avskjer, innvolar, bein, blod og så vidare frå slakting, og dessutan kasserte slakt, blir i stor grad utnytta til kjøtbeinmjøl og feitt. Slikt avfall går til destruksjonsverka i Sør-Noreg for sterilisering og produksjon av mjøl og feitt.

Organisasjonen Norsk forening for gjenvinning av matrester (GAM) organiserer innsamling av matrestar frå storhushald og innsamling og gjenvinning av fiske- og rekeavfall til produksjon av pelsdyrfôr, husdyrfôr og oppdrettsfôr. Fiskeavskjer blir brukt til å produsere fiskemjøl som proteintilskot i kraftfôr til svin, pelsdyr og fjørfe.

Grand hotell, kjøkken

Læringsressursar

Grøn logistikk