1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Grøn logistikkChevronRight
  4. Andre avfallstypar frå hushaldChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Andre avfallstypar frå hushald

Her lærer du litt om korleis vi behandlar avfall som til dømes tekstilar, medisinrestar, elektrisk utstyr og bilvrak.

Bilvrak

Tekstilar

Tekstilar kan vi både bruke om att og gjenvinne. Organisasjonane Frelsesarmeen og Ulandshjelp fra Folk til Folksamlar inn brukte tekstilar, og eigne returpunkt er etablerte. Tekstilar som ikkje er eigna til gjenbruk, blir kverna opp og mellom anna brukt som fyllmateriale i soveposar berekna på nødhjelpssendingar.

Medisinrestar

Medisinrestar frå hushald leverer vi til nærmaste apotek eller legesenter.

Elektronisk og elektrisk avfall (EE-avfall)

Forhandlarar av EE-produkt har plikt til å ta EE-avfall som er forbruksavfall, vederlagsfritt i retur ved forretningsstaden sin.

Mottaksplikta er avgrensa til EE-produkt som forhandlaren omset, og dessutan EE-produkt som han eller ho tidlegare har omsett innanfor same produktspekter. Mottaksplikta er ikkje avgrensa til merke eller fabrikat.

I tillegg har kommunane plikt til å sørgje for at det eksisterer eit tilstrekkeleg tilbod om vederlagsfritt mottak av EE-avfall som er forbruksavfall.

Bilvrak, bildekk og bilbatteri

Bilvrak skal leverast til godkjende bilvrakinnsamlarar. Mot vraking av bilen får eigaren utbetalt ein vrakpant, som skal stimulere bileigarar til å levere bilen til godkjende innsamlarar i staden for å setje bilen frå seg i naturen.

Kasserte bildekk som er forbruksavfall, skal ikkje brennast eller slengjast i naturen, men leverast i retur til forhandlar. Også bilbatteri skal leverast i retur til forhandlar eller til eit returpunkt for bilbatteri.

KFK-haldige kuldemøblar

KFK-haldige kuldemøblar er kjøleskap og frysarar som inneheld KFK-gass. Framleis kan eldre kjøleskap og frysarar innehalde slike gassar. I nye kuldemøblar bruker vi klimanøytrale kjølemedium. Alle kuldemøblar er elektriske produkt. Når vi kjøper slike produkt, betaler vi ei miljøavgift i tillegg til sjølve produktprisen. Når levetida til produktet er over, kan vi levere det tilbake til forhandlaren. Miljøavgifta vi betalte då vi kjøpte det, finansierer kostnadene forhandlaren har med å ta hand om det kasserte produktet.

Restavfall

Den avfallsdelen som blir igjen når vi er ferdige med å kjeldesortere, kallar vi restavfall. Kva som er restavfall, varierer med kor langt kvar enkelt kommune er kommen når det gjeld å innføre ordningar for kjeldesortering. Typisk restavfall er plast i ulike former, bleier, bind og metallfoliar.

Forhandlere av EE-produkter har plikt til å ta i retur EE-avfall som er forbruksavfall
Forhandlere av EE-produkter har plikt til å ta i retur EE-avfall som er forbruksavfall.

Læringsressursar

Grøn logistikk