Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Grøn logistikkChevronRight
  4. Farleg avfall frå hushaldChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Farleg avfall frå hushald

Her lærer du litt om korleis ein skal behandle farleg avfall frå hushald. Farleg avfall blir også kalla spesialavfall eller miljøfarleg avfall. Slikt avfall inneheld helse- og miljøfarlege stoff.

Døme på farleg avfall
Døme på farleg avfall.

Døme på farlege stoff frå hushalda er spillolje, blybatteri, måling, lysstoffrøyr og PCB-haldige isolerglasruter. Farleg avfall kan føre til alvorleg forureining eller fare for skade på menneske eller dyr og skal derfor behandlast på ein spesiell måte.

Avfallsforskrifta § 11-10 pålegg kommunane

  • å ta imot inntil 400 kg farleg avfall samla sett per år for kvar avfallseigar

Avfallsforskrifta § 11-11 pålegg hushald som leverer farleg avfall,

  • å gi opplysningar om innhaldet og eigenskapane på avfallet så langt dette er mogleg
  • å sørgje for at emballasjen er tydeleg merkt
  • å levere farleg avfall til kommunalt mottak for farleg avfall eller i utleverte spesialbehaldarar eller øskjer

Døme på spesialavfall frå hushalda er:

  • oljeprodukt, kjemikaliar og målingsprodukt
  • reingjerings- og vedlikehaldsprodukt som pussemiddel, flekkfjernar, rustfjernar, låsespray og så bortetter
  • produkt med kvikksølv, gamle batteri, lysstoffrøyr, termometer med meir (nye miljømerkte batteri kan kastast saman med vanleg restavfall)
  • knappcellebatteri (til klokker og liknande) og kadmium- eller iridiumbatteri som ein kan lade opp (til mobiltelefonar og liknande)
  • plantevernmiddel, rottegift, soppmiddel og så bortetter
  • hobbykjemikaliar, lim, fotokjemikaliar, korrekturlakk, naglelakk og så bortetter
  • kvikksølvhaldig avfall som termometer
Oppbevaring av farleg avfall på Langøya
Oppbevaring av farleg avfall på Langøya.

Innsamlarane oppbevarer det farlege avfallet i konteinarar og transporterer det til behandlingsanlegg for spesialavfall. Det nasjonale anlegget for farleg avfall ligg på Langøya.

Læringsressursar

Grøn logistikk