1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Grøn logistikkChevronRight
  4. Matavfall og papir frå hushaldaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Matavfall og papir frå hushalda

Her lærer du litt om korleis matavfall og papir frå hushalda blir behandla.

Papiravfall til gjenvinning
Papiravfall til gjenvinning.

Matavfall eller våtorganisk avfall

Matavfall er avfall som kan gjerast om til biogass eller kompost. Avfallsfraksjonen går òg under nemninga våtorganisk avfall.

I fraksjonen inngår matavfall, blomsteravfall, tørkepapir og anna organisk materiale som er lett nedbrytande.

Papir

Også papir er organisk nedbrytande materiale. Vi ønskjer likevel å material- eller energigjenvinne denne fraksjonen.

Når vi materialgjenvinn papir, omgjer vi papiravfall til nye papirprodukt. Når vi energigjenvinn papiravfall, bruker vi papir som brennstoff for å produsere varme.

Derfor skal papirfraksjonen skiljast ut som eigen fraksjon. Når papir blir brote ned, blir klimagassen metan utvikla. Det har vore forbode å deponere slikt avfall sidan 2009.

Returpapir, som aviser og trykksaker, blir i dag samla inn utan noka særskild regulering frå miljøvernstyresmaktene. Det eksisterer ein velfungerande marknad som etterspør brukt papir, papp og kartong for gjenvinning.

Læringsressursar

Grøn logistikk