Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Grøn logistikkChevronRight
  4. HushaldsavfallChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Hushaldsavfall

Her lærer du at kommunen har ansvar for hushaldsavfallet. Du lærer også kva for nokre avfallsfraksjonar det dreier seg om.

Matsøppel. Foto

Kommunane har ansvaret for å samle inn og ta imot avfall frå hushalda. Nokon kommunar har laga kommunale eller interkommunale avfallsselskap som tek hand om avfallet. Du lærer også litt om kvar avfallet blir delt inn i fraksjonar.

Kommunane avgjer sjølve kva for avfallstypar dei vil kjeldesortere. Dei avgjer òg kvar hushalda skal levere avfallet (heime eller på eit returpunkt).

Hushalda betaler årleg ei renovasjonsavgift til kommunane. Denne avgifta skal dekkje kostnadene kommunane har med å samle inn og behandle avfallet. I noko kommunar inkluderer renovasjonsavgifta levering på gjenvinningsstasjonar, andre stader må hushalda betale ei tilleggsavgift for dette.

Oversikt over dei vanlegaste fraksjonane av hushaldsavfall.
Oversikt over dei vanlegaste fraksjonane av hushaldsavfall.

Restavfallskategorien varierer med kor langt kvar enkelt kommune er kommen i utbygginga av innsamlings- og behandlingsordningane sine.

Læringsressursar

Grøn logistikk