Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Grøn logistikkChevronRight
  4. Ulike typar avfallChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ulike typar avfall

Her skal du lære litt om ulike typar avfall og kvar i varekrinsløpet dei oppstår. Du kan også lese om kvifor vi sorterer avfall.

Flyten av emballasje og produktavfall parallelt med vareflyten – fram til gjenvinning.
Flyten av emballasje og produktavfall parallelt med vareflyten – fram til gjenvinning. Dei grøne pilene illustrerer næringsavfall, dei raude hushaldsavfall..

Vareflyten går i dag gjennom mange spesialiserte verksemder. Han startar med uttak av råvarer frå . Derfrå går råvarene til industribedriftene, som omdannar råvarer til ulike halvfabrikat og ferdigvarer.

Ferdigvarene går vidare til handelsnæringa, som formidlar varene via grossistlagera sine og butikkar fram til sluttbrukarane, som kan vere hushald, næringsdrivande eller det offentlege. På alle trinn i varekrinsløpet oppstår det avfall.

Emballasjeavfalloppstår i starten av livssyklusen for eit produkt, produktavfall oppstår i slutten. Når sluttbrukarane kasserer varene sine, blir dei til produktavfall. I dag gjenvinn vi dei fleste produkta og bruker dei råvarene som er vunne att, i eit nytt varekrinsløp.

Her er nokre av årsakene til at vi sorterer avfall:

  • Matavfall dannar metangass når det blir brote ned. Metangass framskundar drivhuseffekten på jorda, noko som på sikt vil føre til at den globale gjennomsnittstemperaturen stig.
  • Spesialavfall og anna miljøskadeleg avfall som kjem til eit deponi, kan forureine grunnvatnet.
  • Metallegeringar må bort frå deponia fordi dei skil ut tungmetall.
  • Vi sorterer papir, metall og glas fordi dette er råstoff som vi enkelt kan vinne att og bruke på ny. Nedbryting av papir dannar dessutan metangass.
  • Når vi sorterer ut avfallet som vi kan gjenvinne eller bruke om att, blir levetida til avfallsdeponia lengre.

Oppgåve

Kan du komme på fleire gode grunnar til å sortere avfall?

Gul søppelbil.foto.

Læringsressursar

Grøn logistikk