Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Grøn logistikkChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Grøn logistikk

Produksjon og transport påverkar miljøet. Omgrepet grøn logistikk dreier seg om dei tiltaka ulike aktørar i verdikjeda kan setje i verk for å dempe belastinga på miljøet. Vi skal særleg sjå på dei systema som er etablerte for attvinning.

Klemetsrud energigjenvinningsanlegg. Foto.

Miljøbevisste bedrifter

Dei fleste som produserer, transporterer og lagrar varer, er i dag opptekne av at operasjonane skal skje på ein miljøvennleg måte. Bedrifter og enkeltpersonar har blitt flinkare til å planleggje og samordne, slik at belastingane på miljøet blir så små som mogleg. Bakgrunnen for at vi har blitt meir miljøbevisste, er forskinga som viser at det skjer store endringar i klimaet på grunn av utslepp av giftstoff frå industri og transport.

Alle aktørar i næringskjedene kan bidra med tiltak, slik at vi får store miljøgevinstar i transport og logistikk. Det har også mykje å seie for kvar enkelt bedrift av økonomiske årsaker, fordi dei som forureinar, må betale for den skaden dei påfører samfunnet. For bedrifter handlar det derfor om å redusere miljøskadelege aktivitetar, vere bevisste på resirkulering der dette er mogleg, og bruke materialar som kan resirkulerast.

Krav til produsent

Grøn logistikk blir også kalla returlogistikk. Det betyr at alle produkta skal vere tilrettelagde slik at dei kan samlast inn og så godt det er mogleg omarbeidast eller resirkulerast når dei ikkje lenger er til nytte. Produsenten gjer dette mogleg ved å bruke råvarer som det er mogleg å vinne att, følgje internasjonale standardar for design og emballasje og syte for tilgjengeleg informasjon om alle slike forhold av såkalla opphavsmerking.

Krav til transportør

Miljøarbeidet hos transportørane dreier seg i første rekkje om å redusere utslepp av CO2, partiklar og støy. Av dei mest sentrale tiltaka i Noreg er overføring av gods frå veg til bane, bruk av biodiesel og utvikling av motorar med mindre utslepp.

Krav til forbrukar

Miljøarbeidet styresmaktene rettar mot forbrukarar, omfattar både regelverk og haldningsskapande arbeid.

Innanfor regelverket finn vi først og fremst dei kommunale systema for renovasjon. Sortering av avfall gir moglegheit for å vinne det att. Dei aller fleste kommunane i landet sorterer biologisk avfall (matrestar), papir og restavfall. Dei tilbyr også miljøstasjonar der innbyggjarane kan levere ulike former for spesialavfall og risikoavfall. Mange har også tilbod der husstandane kan levere metall, glas og plast. Av dei mange returordningane som er nedfelte i lover, er panteautomatar for drikkevarer i flasker eller boksar den mest omfattande.

Om ein klarer å få folk til å vise ansvar gjennom haldningsskapande arbeid, blir resultatet ofte betre enn om ein lagar reglar. For å bli ein god ambassadør for grøn logistikk kan du bidra ved å omsetje produkt som kan vinnast att, og oppmode kundane dine til å følgje opp. Bevisste forbrukarar vil igjen føre til at produsentar, transportørar og forhandlarar anstrengjer seg for å ta nødvendige miljøomsyn.

Læringsressursar

Grøn logistikk