Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. EksamenChevronRight
  4. Tverrfagleg eksamen for praksiskandidatar for logistikkfagetChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Tverrfagleg eksamen for praksiskandidatar for logistikkfaget

Praksiskandidatar som melder seg opp til teoretisk eksamen som § 3-5-kandidatar etter opplæringslova, skal gjennomføre ein tverrfagleg skriftleg eksamen. Du får her åtte døme på slike tverrfaglege eksamensoppgåver som har vore gitt til kandidatar som har meldt seg opp til eksamen i logistikkoperatørfaget.

Arbedier i et stort lagervarehus snakker i walkie-talkie. Foto.

Døme 1

Eksamenstid: 5 timer

Situasjonsbeskriving

Du jobbar som logistikkmedarbeidar i ei bedrift.
Du får i oppdrag å vurdere logistikken i bedrifta og komme med forslag til forbetringar. Bedrifta legg stor vekt på effektiv og økonomisk drift.

Oppgåve

Forklar dei ulike ledda i logistikk-kjeda, og ta deretter for deg moglege forbetringar av kvart ledd.

Døme 2

Eksamenstid: 5 timer

Situasjonsbeskriving

Du jobbar med logistikk i ei bedrift. I det siste har de slite med ei rekkje utfordringar:

  • Det har oppstått skadar på emballasje.
  • Kostnadene knytte til avfallshandtering har auka.
  • Det har vore arbeidsuhell som har ført til fråvær.
  • Transportutstyret har ikkje blitt halde ved like godt nok.
  • Leveringa til kundane har blitt forseinka.

Oppgåve

Planlegg tiltak til forbetringar, og beskriv korleis desse tiltaka kan gjennomførast.

Døme 3

Eksamenstid: 5 timer

Situasjonsbeskriving

Du jobbar med logistikk i ei bedrift. Bedrifta legg vekt på kapitalbinding, leietid, leveringssikkerheit og lagereffektivitet. Bedrifta kontrollerer logistikken/lagerbehaldninga ved hjelp av eit analyseverktøy.

Oppgåve

Med utgangspunkt i situasjonsbeskrivinga skal du

  • gjere greie for ulike typar lager som kan vere aktuelle for denne bedrifta
  • vurdere effektivitet og lønnsemd på desse lagra
  • vurdere betydninga av omløpshastigheita for lagra

Døme 4

Eksamenstid: 5 timer

Situasjonsbeskriving

Du arbeider i ei konkurranseutsett bedrift. Logistikkfunksjonane er viktige delar av produksjonskjeda. Eit av prinsippa bedrifta har, er å levere riktig mengd i rett tid og til rett stad (“just in time”).

Oppgåve

Vis ved døme korleis riktig og effektiv bruk av “just in time” i bedrifta kan gi auka lønnsemd og sikre arbeidsplassane i bedrifta. Forklar samanhengen.

Døme 5

Eksamenstid: 5 timer

Situasjonsbeskriving

Du jobbar som logistikkoperatør i ei bedrift. Vel ei bedrift du har kjennskap til frå før, til dømes frå arbeid, utplassering, eiga verksemd eller liknande. Legg til eigne føresetnader om nødvendig.

Oppgåve

Forklar samanhengen mellom logistikkfunksjonane og lønnsemda til bedrifta.

  • Ta for deg minst éin av logistikkfunksjonane som du meiner er eller kan vere ei utfordring for effektiviteten i bedrifta. Foreslå forbetringstiltak, og grunngi kvifor tiltaket eller tiltaka kan vere ei forbetring.

Døme 6

Eksamenstid: 5 timer

Situasjonsbeskriving

Du arbeider som logistikkoperatør i ei bedrift. Bedrifta møter stadig større konkurranse, og det er nødvendig med effektive logistikkløysingar.
Du må svare på begge oppgåvene.

Oppgåve 1

Ta for deg to eller tre av dei logistikkfunksjonane som du meiner er av størst betydning for økonomien i bedrifta. Forklar kva betydning dei har, og om dei har svakheiter og forbetringspotensial.

Oppgåve 2

Gjer greie for samanhengen mellom omløpshastigheit og økonomi og korleis logistikkfunksjonane kan påverke denne samanhengen.

Døme 7

Eksamenstid: 5 timer

Situasjonsbeskriving

Du er tilsett som logistikkoperatør i eit firma. Vel gjerne eit firma du kjenner frå før.

Firmaet behandlar varer og gods

  • innan ulike temperatursoner
  • med ulik storleik og vekt
  • som toler lite
  • med høg verdi

Oppgåve

Du får i oppdrag å plukke og pakke eit vareparti. Vel varer frå eitt av punkta i situasjonsbeskrivinga over.

Beskriv kva du vil gjere, korleis du vil gjere det, og kvifor du vil gjere det.

Svaret ditt bør mellom anna innehalde desse momenta:

  • emballasje og tekniske hjelpemiddel
  • lasting, lossing og sikring
  • krav til levering/leveringsvilkår
  • miljømessige og økonomiske konsekvensar

Døme 8

Eksamenstid: 5 timer

Situasjonsbeskriving

Du er tilsett som logistikkoperatør i ei bedrift. Vel gjerne ei bedrift du har kjennskap til frå før, til dømes arbeid, utplassering, eiga verksemd eller liknande.
Profesjonell yrkesutøving og eit godt rykte/renommé er viktig for å halde ved lag posisjonen bedrifta har i marknaden.

Oppgåve

Ta utgangspunkt i vare- og informasjonsflyten i bedrifta, og forklar

  • kvifor god service og kundebehandling er viktig
  • korleis du kan vere med på å forbetre servicen og kundebehandlinga som logistikkmedarbeidar i bedrifta
  • korleis du ved å vere profesjonell i yrket ditt kan påverke effektivitet, tryggleik, miljøvennlegheit og lønnsemd

Læringsressursar

Eksamen