Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. EksamenChevronRight
  4. Eksamensoppgåve 2ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Eksamensoppgåve 2

Tverrfaglege oppgåver om handtering og transport av personar og ulike typar gods. De tek for seg sentrale kompetansemål i begge programfaga. Tidsplan og organisering svarer til tverrfagleg eksamen på Vg2 og kan variere noko frå fylke til fylke.

Buss. Foto.

Praktisk informasjon

Hjelpemiddel til førebuinga (førebuingstida er 2 dagar):

  • Alle hjelpemiddel er tillatne.

Hjelpemiddel under eksamen:

  • rutehefte (bok), nokre passasjerar, ulike typar gods, handteringsutstyr, sikringsutstyr, fraktbrev, nødvendig lovverk, kalkulator

Forslag til førebuing

  • Som yrkessjåfør og logistikkarbeidar skal du kunne planleggje og utføre handtering og transport av personar og ulike typar gods. Du skal planleggje arbeidsoppgåvene dine på ein måte som tilfredsstiller krava til HMT for personar, gods og utstyr. Du skal utføre arbeidsoppgåvene slik du har planlagt.
  • Kommunikasjon med medarbeidarane dine og med sensor er viktig.
  • Du skal kunne nytte deg av dei hjelpemidla som er tilgjengelege og tilrettelagde for eksamen.

Forslag til oppgåve

  • Du skal gjennom munnleg kommunikasjon samarbeide om planlegging og gjennomføring av arbeidsoppgåva.
  • Du skal kontrollere køyretøyet (bussen) og utstyret som du skal bruke til handtering og transport av personar og gods.
  • Du skal planleggje, klargjere for rutetransport og utføre lasting av personar og gods på bussen frå terminal/lager. Godset skal lastast ut frå eigenskapar, storleik og utforming. Personar og gods skal sikrast på køyretøyet.
  • Nødvendige og riktig utfylte dokument skal følgje transporten.
  • Gjennom samarbeid skal de planleggje tidsforbruket på arbeidsoppdraget.

Læringsressursar

Eksamen