Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. EksamenChevronRight
  4. Eksamensoppgåve 1ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Eksamensoppgåve 1

Denne tverrfaglege oppgåva dreier seg om handtering av ulike typar gods ved transport- og logistikkoppdrag. Den tek for seg sentrale kompetansemål i begge programfaga. Tidsplan og organisering svarer til tverrfagleg eksamen på Vg2 og kan variere noko frå fylke til fylke.

Godssjåfør i lasterommet. foto.

Praktisk informasjon

Hjelpemiddel til førebuinga (førebuingstida er 2 dagar):


  • Alle hjelpemiddel er tillatne.

Hjelpemidler under eksamen:

  • lasteliste, liste for kontroll av truck, ulike typar gods, handteringsutstyr, pallar, sikringsutstyr, måleutstyr, fraktbrev, nødvendig lovverk, kalkulator

Førebuing til eksamen:

  • Som yrkessjåfør og logistikkarbeidar skal du planleggje og utføre handtering av ulike typar gods ved transport- og logistikkoppdrag. Du skal planleggje arbeidsoppgåvene dine på ein måte som tilfredsstiller tryggleikskrava for personar, gods og utstyr. Du skal utføre arbeidsoppgåvene slik du har planlagt.
  • Det er viktig at du legg vekt på tryggleik, service, effektivitet og miljø ved planlegging og utføring av oppgåva.
  • Kommunikasjon med medarbeidarane dine og med sensor er viktig.
  • Du skal kunne nytte deg av dei hjelpemidla som er tilgjengelege og tilrettelagde for eksamen.

Eksamensoppgåve:

  1. Du skal planleggje og gjennomføre eit transportoppdrag.
  2. Du skal kontrollere køyretøyet og utstyret som du skal bruke til handtering og transport av godset. Du skal også utføre enkelt vedlikehald dersom det er nødvendig.
  3. Du skal planleggje, klargjere og utføre lasting av gods på køyretøy frå lager/terminal. Godset skal lastast ut frå eigenskapar, storleik og utforming. Godset skal sikrast på køyretøyet.
  4. Nødvendige og riktig utfylte dokument skal følgje transporten.
  5. Du skal planleggje tidsforbruket på arbeidsoppdraget.

Læringsressursar

Eksamen