1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Sertifisert sikkerheitsopplæringChevronRight
  4. LøfteutstyrChevronRight
  5. Merking og kontroll av løfteutstyrChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Merking og kontroll av løfteutstyr

Her skal vi se nærmere på merking og kontroll av løfteredskaper..

Blå kjetting og løftekrok og lapp med informasjon om egenskaper. foto.

Eksempel på løfteredskap

Eksempler på løfteredskaper er kjetting, sjakkel, ring, krok, koplingsløkke, svivel, fathake, stein- og plateklype, tobb, blokk, løfteåk, grabb, magnet- og vakuumløfter, stropp av kjetting og ståltau, båndstropp og rundsling av kunst- og naturfiber, løftebånd av stål, tauverk av kunst- og naturfiber.

Vi regner også kurv, bur, stålkasse, pall, løftenett og storsekk konstruert med fester for å være løfteredskaper. Det er svært viktig at alle som bruker løfte- og lastsikringsutstyr vet hvordan man kontrollerer og vedlikeholder utstyret. Dette gir større sikkerhet for både sjåfør, anhuker og andre rundt deg.

Merking av løftereiskap

Fiberstroppar har ulik farge som kan fortelje noko om WLL for reiskapen, grensa for maksimal belasting. Men det er berre merkelappen som gir sikre opplysningar.

Fiberstroppenes maksimale belastning er inndelt i følgende fargekoder:

  • Fiolett: 1 tonn
  • Grønn: 2 tonn
  • Gul: 3 tonn
  • Grå: 4 tonn
  • Rød: 5 tonn
  • Orange 10 tonn

Kjettingreiskap kan ein merkje med farge etter årstal. Då blir enkelte ledd av kjettingen måla som eit teikn på at han er godkjend. Det er ein informasjon til deg som brukar, men berre sertifikatet gir sikre opplysningar.

Samanhengen mellom godkjenningsår og merkefarge:

Blå

Raud

Gul

Grøn

Blå

osb.

2012

2013

2014

2015

2016

osb.

Kvar lengd av kjetting, kjede, tau eller band for heising eller løfting skal vere utstyrt med eit merke når kjettingen, kjeda, tauet eller bandet ikkje er montert inn i ei eining. Dersom slik merking ikkje er mogleg, skal lengda vere utstyrt med ei plate eller ein ring som ein ikkje kan fjerne.

På merket skal det stå:

  • namn og adresse til produsenten eller ein representant for produsenten
  • materialspesifikasjon når det er nødvendig for val av utstyr som passar saman (f.eks. internasjonal klassifisering)
  • største arbeidsbelasting (WLL)

For løftereiskapar som det er fysisk umogleg å merkje, skal opplysningane gå fram av ei plate eller eit anna middel og vere forsvarleg fest til utstyret som høyrer til. Opplysningane skal vere lette å lese og plasserte på ein stad der dei ikkje forsvinn som følgje av omarbeiding, slitasje osb. Merkinga skal ikkje svekkje belastingsevna til utstyret. Sjå lenkja «Forskrift om maskinar av 20.5.2009 nr. 544».

Når du klikkar på «Forskrift om bruk av arbeidsutstyr», finn du litt om korleis ein skal merkje kontrollert løftereiskap.

Kontroll av løftereiskap

På lenkja «Normer for kontrollomfang» finn du normer (SGS) som eit samarbeidsutval har komme fram til for kontroll av løftereiskapar. Her ser du også kva den sakkunnige kontrolløren ser etter. Når reiskapen er godkjend, blir det dokumentert i ei kontrollbok og påført sertifikatet, eller det blir skrive ut eit nytt sertifikat.

Før og etter bruk av fiberstroppar skal ein alltid gjere ein brukarkontroll av slitasjen:

  • Kontroller slitasjen på påhukingsstaden og snaringsstaden.
  • Reparasjonar er ikkje tillatne utan at sakkunnig verksemd samtykkjer.
  • Etiketten må vere leseleg før bruk, elles blir reiskapen kassert.
  • Det må ikkje vere brunne hòl av sveiseperler eller defekt duk, i så fall blir reiskapen kassert.
Slitte, runde fiberstropper. foto.
Dissse stroppene kan ikke brukes.

Sikker bruk og vedlikehald

  • Slitt, grønn fiberstropp. foto.
    Denne stroppa kan vi ikkje bruke.

    Sjekk at løftereiskapen er sertifisert og i orden og eigna til jobben som skal gjerast.

  • Opphald deg aldri under last som heng.
  • Kjenn på vekta som skal bli løft, og overbelast aldri kran eller løftereiskap.
  • Unngå rykk under løftet. Sørg for jamne rørsler.
  • Legg ikkje stroppar/slingsar over skarpe kantar. Bruk kantbeskyttar.
  • Unngå å leggje stroppar over kvarandre i løftekroken.
  • Bruk ikkje bandstroppar/rundslinger av polyester i temperaturar under –40 ºC eller over +200 ºC. Slike temperaturar kan det vere på stader som fryselager, smelteverk eller når godset har ein spesiell temperatur.
  • Unngå å presse fibrane i stroppen for mykje saman.
  • Gløym ikkje å ta omsyn til vinkelen som løftereiskapen dannar (kjetting, ståltau eller fiber).

Det viktigaste du kan gjere for å vedlikehalde løftereiskapar, er å bruke dei rett og unngå overbelasting. Etter bruk skal reiskapane bli hengde opp på ein tørr stad. Sørg også for å halde dei reine. Blir dei smussa til, kan du prøve å vaske dei med vanleg såpe og vatn.

Lenkjer

Nettstaden til Stiftelsen Sentralregisteret (SFS), utferdar av kompetansebevis

Forskrift om maskinar av hos Lovdata.

Forskrift om bruk av arbeidsutstyr hos Lovdata.

Læringsressursar

Løfteutstyr

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Vurderingsressurs