1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Sertifisert sikkerheitsopplæringChevronRight
  4. LøfteutstyrChevronRight
  5. Løftereiskap G11ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Løftereiskap G11

Her skal vi sjå nærmare på ulike løftereiskapar, det vil seie det utstyret vi hengjer lasten i framme i kroken på krana. Vi skal lære litt om styrken til reiskapane, og vi skal sjå kva vinkelen mellom delane i løftereiskapen betyr.

Flate og runde fiberstropper. Foto.
Flate og runde fiberstroppar

Krav til opplæring

Det er krav om sertifisert sikkerheitsopplæring frå ein sertifisert instruktør også her. Dette er på grunn av faren forbunde med bruk av løftereiskapar.

For å kunne føre ei kran som er underlagt sertifisert opplæring, må du først ha kunnskapar om riktig og sikker bruk av løftereiskapar. Dette er felles for alle typar kraner og kan sjåast som eit forkurs til å bli kranførar. Statistikken viser at 50 % av alle arbeidsulykker med kran og løft skuldast feil stropping. På bakgrunn av dette er det derfor innført grundigare kursing av kranførarar.

I tillegg til gode haldningar til helse, miljø og sikkerheit, skal du ha kunnskapar om:

  • Ulike typar løftereiskapar
  • Løftereiskapstabellar
  • Signal og teikn (link til ressurs om signalgiving og anhukar)
  • Praktisk anhuking med løftereiskap (link til ressurs om signalgiving og anhukar)

Fiberstroppar

Mann løfter rør ved hjelp av snaring.foto.
Snaring

Fiberstroppar kan vere anten flate eller runde. Fiberstroppar er mykje brukte sidan dei er lette å arbeide med. Dei er også skånsame mot godset, men ømfintlege for kvasse kantar.

Fiberstroppar av polyester er mest brukte, men dei kan også vere laga av polypropylen. Er stroppen laga av polyester, er det blå merkelapp på stroppen. Er han laga av polypropylen, er merkelappen brun. Det er fint å vite, for reiskapar laga av polyester toler varme betre enn reiskapar laga av polypropylen. Derimot toler dei basar dårlegare enn reiskapar laga av polypropylen. Stroppar av polypropylen bør derfor bli skjerma mot sollys, mens stroppar av polyester ikkje må få såpe på seg.

Fiberstroppar blir ofte nytta til snaring, sjå biletet. Det er den sikraste måten å løfte for eksempel trelast og armeringsstål på. Godset skal vere i balanse før det blir løft. Opnar du lenkja «Fiberstroppar og lastsikringar», finn du løftetabellar og fleire opplysningar.

Fiberstroppar skal ha eit gyldig sertifikat, sjå same lenkje. Ein sakkunnig person skal kontrollere stroppane en gong i året.

Kjetting og ståltau (vaier)

Kjetting bruker vi mest til å løfte gods av stein, stål og betong. Ein løftereiskap av kjetting blir ofte kalla ein kjettingsling. Det er berre tillate med kortlenkja kjetting av ein kvalitet som minst svarer til grade 80. Grade 80 er eit uttrykk for legeringa i stålet som er brukt i kjettingen, og 8G står da påført kjettinglykkjene med jamne mellomrom. Årsaka til at det berre er lov med kortlenkja kjetting til løft, er faren for knekking og deformasjon av kjettingledda når ledda blir lengre.

I tillegg til grade 80 finnes også grade 100 og grade 120. Jo høgare talet er, jo høgare er også styrken på kjettingane. Grade 80 kjettingane er ofte svarte eller gule, mens grade 100 og 120 som oftast er lakkert blå.

Kortlenkja kjetting, grade 80
Kortlenkja kjetting, grade 80

Styrke

Som kjend er inga kjede sterkare enn det svakaste leddet. Det er derfor viktig at løftereiskapane har tilstrekkeleg styrke til å takle oppgåvene dei skal brukast til. Med andre ord hjelper det lite om krana er sterk nok dersom ikkje løftereiskapen er minst like sterk.

Alle løftereiskapar skal ha eit sertifikat som fortel kva reiskapen er meint for. Sjå for eksempel lenkja «Bruksrettleiing for kjettingstroppar». Sertifikatet er eit verdipapir, og du skal behandle det som eit verdipapir. For at du skal kunne velje reiskapar med tilstrekkeleg styrke, er alle løftereiskapar merkte med WLL. Det står for «Working Load Limit» – grense for største belastning. Eit metallskilt eller ein plastlapp fest til reiskapen fortel gjerne om dette.

WLL-merke på løfteredskap. Illustrasjon.
WLL-merke på løftereiskap.

Kva vinkelen betyr

Vinkelen mellom ei tenkt loddlinje frå krankroken til løftereiskapen kallar vi arbeidsvinkelen v. På figuren nedanfor ser du at løftereiskapen dannar ein trekant. Dersom vi kallar belastninga i stroppen for F og ønskjer å finne verdien av ho, må vi kjenne lengda L på stroppen og høgda H, den stipla linja på figuren. Vi finn då belastninga F ved å bruke følgjande formel:

F=L · Lastens vekt2H

Arbeidsvinkelen har betyding for kor mykje vi kan belaste stroppen.
Arbeidsvinkelen har betyding for kor mykje vi kan belaste stroppen.

Når vi løfter med to heilt vertikale løftereiskapar, vil belastninga på kvar stropp vere halvparten av tyngda til lasten. Når løftereiskapen dannar ein vinkel, aukar belastninga i stroppen. Vi må derfor bruke løftereiskapar som toler meir enn halve tyngda.

Hugs at tyngda til lasten blir målt i newton (N). Verdien er då tidobbelt så stor som vekta av lasten målt i kilogram. Ei vekt på for eksempel 10 kg svarer til ei tyngd på 100 N.

Lenkjer

Om fiberstropper og lastsikring frå John Dahle skipshandel (PDF).

Bruksanvisning for kjettingstropper frå Carl Stahl (PDF).

Bruksanvisning for ståltaustropper frå Carl Stahl (PDF).

Læringsressursar

Løfteutstyr

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Vurderingsressurs