1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Sertifisert sikkerheitsopplæringChevronRight
  4. LøfteutstyrChevronRight
  5. Løfteutstyr og løftereiskaparChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Løfteutstyr og løftereiskapar

Kvart år skjer det stygge uhell under arbeid med kraner og last som heng høgt. Dei fleste uhella skjer som følgje av feil bruk. Derfor er det viktig at du kjenner til kva som må til for å bruke og vedlikehalde løfteutstyr og løftereiskapar.

To blå løftekraner med gangbro mellom.foto.
Løftekraner ved elv

Løfteutstyr

Med løfteutstyr meiner vi det vi til dagleg kallar kraner. Kranene kan vere stasjonære (stå på éin stad) eller vere montert på eit køyretøy eller ein båt. Dei kan løfte last og gjerne også flytte lasten i horisontalplanet. Det vil seie at dei tar opp lasten éin stad og set han ned ein annan stad.

Kraner og anna løfteutstyr er ofte ein del av den interne materialstraumen i bedrifta. Fleire typar gods kan berre bli lasta og lossa på ein sikker måte ved hjelp av kraner. Godset er gjerne tungt og vanskeleg å handtere – tenk berre på materiale som skal til ein byggjeplass eller eit skipsverft. Kraner er då einaste moglegheit til å få fram nødvendige materiale.

Løftereiskapar

Løftereiskapar er det som finst etter krankroken, det vil seie det lasten er fest til krana med. Desse tekniske innretningane er konstruerte for å løfte og låre når dei er feste til krankroken.

Kjetting rundt stabel med pallar og hengjande karabinkrokar.foto.
Kjetting og krokar er eksempel på løftereiskapar.

Læringsressursar

Løfteutstyr

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Vurderingsressurs